mandag 28. november 2011

Klar tale: Et meir grønt


Sjå denne filmen. Bruk 20 minutt av livet ditt, for det er heile framtida verdt.


 Eg elskar ted.com for dei mange gode foredraga som ligg der. Dette foredraget her skremmer meg litt, men det inspirerer meg og! Det er ikkje berre ein interessant tanke, men det er tvingande naudsynt med meir vegetarianisme i verda. Bittman sine tal er klare i talen.


Det er mange som har innført kjøttfri mandag, eller meatless monday som det heiter på engelsk. Og det er bra. Men er det nok å kutta ned til ein vegetarisk middag i veka? I filmen seier Bittman at me bør halvera kjøtforbruket vårt. Rett nok snakkar han til amerikanarar, men eg reknar med at det same gjeld for nordmenn. 

Uansett, for den som føler seg truffe av dette fins det mange kjelder til inspirasjon, og eg har eit par heilt konkrete tips: 

Fyrst og framst vil eg, for lesarar i Trondheim, anbefala Persilleriet, både å stikka innom for deilig mat, men ikkje minst for kurs. Sjå kor fint det såg ut då Henningen og eg var på kurs med dei! Fleire av rettane me lært der har gått rett inn i vårt faste, kvardagslege middagsrepertoir. 

Ekstremt bra, utrolig fint legg ut spanande og freistande vegetariske oppskrifter kvar måndag (og eg gler meg til å prøva oppskrifta deira på ravioli med sitronsmør). Lenka går til postane deira merka med mat. 

Siljes Reise blir i blant eit hakk for RAW for meg, so var det der eg fyrst vart tipsa om kikertpannekaker, ein rett me lagar både titt og ofte.

Kva med vegetarsushi frå Elri?

Det fins utruleg mange ulike matbloggar, mange med vegetarisk fokus, og hvis eg skal trekka fram ein til, so må det nesten bli denne fine her: 101 Cookbooks

Og frå mine eigne oppskrifter - kanskje eg kan freista med Shakshuka? Tomatsuppa? Raudbetsuppa





Less meat, less junk, more plants.
It`s a simple formula: Eat food. 
Eat real food. 



Mark Bittman


onsdag 23. november 2011

Tomatsuppa FTW

Som eg har nemnd tidlegare i haust har eg ei svigermor, og ho er eg bra heldig med. I kveld er me på middags- og tv-besøk sidan me ikkje har tv-signal sjølv (fordi me ikkje vil), og me har lyst til å sjå dokumentaren om ei tysk dame som lever utan pengar. Ja, og so berre fordi det er triveleg å stikka innom for god mat og triveleg prat.

Til middag fekk me ei tomatsuppe som var so god at eg åt tre porsjonar før eg ikkje hadde sjans til å få ned ei skei til. Tomatsuppe altså. Det er ganske billig, ganske sunt, ganske vanleg - og tidvis AKKURAT det ein treng, til dømes på ein haustdag som denne.

Svigermor er eit av dei vidunderlege menneska som har velbrukte kokebøker som flommer over med lappar med oppskrifter ho har fått av vener og familie. Denne suppa kjem frå Elisabeth, og eg anbefaler den veldig sterkt. Hallo, milde, langvarige haust! Du har fått deg ein raud følgesven for livet!


Tomatsuppe
Me åt opp alt.

1 raud paprika
1 gul lauk
1 fedd kvitlauk
1 boks hakka tomater
5 ss olje
1 buljongterning
5 dl vatn
1/2 ts tørka basilikum
oregano
  • Hakk paprika og lauk,
  • Press eller hakk kvitlauksfeddet etter kva du ynskjer,
  • Småkok til det tjuknar.
Svigermor 3-dobla oppskrifta til 4 vaksne menneske, og serverte nysteikte vridde baguettar til. 

Og etterpå var det tid for kaffi og ein liten after eight.

tirsdag 22. november 2011

Heimkunnskap Reloaded


Dette er ei melding av kokeboka SMALHANS, skrive av Gunda Djupvik. Eg synes eg bør nemna at eg har fått denne boka i posten av Samlaget, men eg kan lova dykk ein ting: Eg hadde skrive det same om eg hadde kjøpt ho for eigne pengar. 

Dette er ei positiv bokmelding, og eg tek like godt konklusjonen fyrst: 
For den som nett har byrja å interessere seg for å laga mat sjølv er denne boka PERFEKT, og ein solid, påliteleg og inspirerande port inn i kokebokverda. Eller for å sitera Gjøran: "Det høres ut som noe alle nye studenter burde få av mor i julegave."


Eg har, utan å vite at det er det ho heiter, fulgt Gunda Djupvik lenge, på bloggen Alt godt.  Den observante blogglesar vil kanskje ha fått med at eg ved tidlegare høve har trekt fram dei saltsylta sitronene eg har i kjøleskapet? Dei laga eg etter oppskrift frå Alt godt. Eller Gunda då, som eg føler for å kalla henne, slik eg gjerne gjer når eg føler eit slags slektskap med folk. For det er meir enn det å skriva nynorsk eg føler at Gunda og eg har tilfelles!

Smalhans, med undertittel Sunn, god og rimeleg mat, og intensjonen vert presentert i innleiinga: "Eg vil gi deg tips om korleis du kan lage billig og smakfull mat på ein rask og enkel måte." Og det gjer ho. 

Boka startar med nokre nyttige og interessante tekstkapittel om til dømes smarte innkjøpsstrategiar, haldbarheit på råvarer, eller korleis du kan redda mat som skjærer seg. Denne delen er informativ og lærerik, eg synes særleg tipsa om å kjøpa inn er nyttige. 

Noko er ekte, retro og staut heimkunnskapsmat (fårikål, blautkake, graut, pølsegrateng), anna er meir moderne eller eksotisk (krema kikertsuppe, tabouleh, toscansk rispudding). Det er mat til både kvardags og fest, og det dei har til felles er at alle oppskriftene verkar drøye, praktiske, enkle og godt formidla. 
Dette er vel tidspunktet då eg må innrømma at eg ikkje sjølv har laga nokon av rettane i boka, men sopass med matkunna har eg at eg med sikkerheit kan sei: dette er enkle og gode oppskrifter på gode, smakfulle rettar. 

Smalhans er ikkje blank og fjong med utstudert fotografi  og eksklusiv garnityr. Det er ingen luksuriøse kommentarar a ala ei kva som helst bok av Eyvind Hellstrøm, og du må heller ikkje lesa gjennom ei halv side personlege betraktningar før du kjem til oppskrifta a la Nigella (eller denne bloggen her for den del). I staden er boka oversiktleg og kjekk, med oppskrift på ei side og eit heilsides foto med retten i fokus på den motståande sida. Nett når det gjeld fotografia, so er det einaste eg har å utsetja på Smalhans at bileta får nokre av rettane til å sjå litt keisame ut, på ein "frå bollar til burritos"-måte. 

Eg er veldig begeistra for Smalhans, det er noko av det mest jordnære og nyttige eg har sett av kokebøker på lang tid, og det utan å vere ein murstein slik den gode, gamle raud- eller blåruta er. 

No nærmer det seg jul. 
Og for den som kjenner ein slik ein som eg skisserte i konklusjonen heilt fyrst innlegget, eventuelt ein student eller kollektiv/hybelbuar som treng å læra seg å laga mat er dette den perfekte julegåva. (Og er du rask kan du faktisk få boka signert med personleg helsing!)

Her kan du lesa ei mindre ordrik melding av Smalhans, og her kan du bli betre kjend med Gunda. Eg gler meg til safte- og sylteboka hennar!

søndag 20. november 2011

Stress < Fest

Eg hadde lagt store planer for laurdagsmiddagen, men heilt gløymd å passa tida, og med eitt oppdaga eg at eg hadde i underkant av tre kvarter på å laga og eta middag før eg måtte ut av huset. Stress? 

Men so berre kokte me litt pasta, dampa litt brokkoli og steikte laks i ca 30 sekund på kvar side før me la alt på fat og helte salviesmør ove heile herligheiten - og på under 15 minutt hadde me ein heilt fantastisk, vidunderleg deilig middag. Fest!

Dagens laks: Salma.
Det er mange som hyllar Salma på same måte som Tor Tør hylla skodespelarinna med same namn i ungdomsbladet Topp på 90-talet, men alle er ikkje like einige i at det er verdens beste fisk. Sjå her til dømes, eit interessant blogginlegg som er kritisk til den enorme hypen.
Konklusjonen er likevel ikkje negativ, og sjølv vil eg trekka fram følgande gode sider ved frk. Salma: Når du har kjøpt eit stykke salma kan du vera heilt sikker på at du har kjøpt eit godt stykke fisk. Og har du dårleg tid slepp du å reinsa skinn og pilla bein, og du kan lika godt eta den rå som tilberedt. Eg likar den godt heilt rå når den skal vera sushi, eller som her: sovidt litt varma ytterst.


Salviesmør:

Smelt ei passe mengde smør etter kor mange som skal ete og kor mykje pasta det skal vere. Eg er jo einig med Arne Brimi i at "det einaste som er betre enn smør er meira smør", so eg tok omlag 40 gram og 15-20 ferske salvieblad. Hakk salvien med den praktiske teknikken chiffonade, der du ruller blada saman og hakker rullen opp slik at det blir lange, tynne bitar. Ha salvien i smøret og surr det på middels varme til smøret blir brunt og nøtteaktig, og salvieblada blir sprø og krympa. 

Konklusjon: 

For ein middagsrett! For ein festmat! 

Eg rakk jobb med fin margin, og vart likevel både mett og glad. Faktisk so mett at eg ikkje vart svolten att før ti-tida om kvelden. Og so var det slett ikkje so dyrt heller. La meg gjera eit forsøk på eit reknestykke der eg reknar grovt og omtrentleg:

Brokkolien kosta 9.90, og me brukte omlag halve: 5 kroner.
Salvieplanta kosta 30 kroner, og eg kan sei at me bruka omlag 1/3 av den: 10 kroner
Pastaen kosta 15 kroner, og me bruka vel om lag halve posen: 8 kroner
Salmalaks, eit stykke på omlag 300 gram: 60 kroner
Smør: gidd ikkje rekna ut, for eg hugsar ikkje kva smøret kosta. 

Tilsaman blir dette 93 kroner, som vil seia under 50 kroner per person. Og det er jo ikkje so verst!
Eg trur dette er den perfekte retten hvis ein skal invitera nokon på ein romantisk middag heim til seg. 

Kvar siste smule vart eten opp. 

torsdag 17. november 2011

Myntetilstand


Eg er ikkje heilt sikker på det etymologiske opphavet til det engelske uttrykket "mint condition", men eg sovidt eg har fått med meg tyder det at noko er i tipp topp stand, og blir brukt i til dømes annonser som skal selga bruktbil. Som den seriøse bloggar eg er, måtte eg gjera litt research på guugel:

The term "mint" as an adjective was coined (no pun intended) by numismatists to indicate that a coin looked as if it had just been minted. Other collectors quickly adopted the term. Unlike terms such as "good" or "excellent" which could mean different things to different people, "mint" has a very precise meaning. An object described as in "MINT CONDITION" means, literally, that the item looks as if it just came off the assembly line in the factory; that there is not a single defect of any kind in the product. It is in the BEST possible condition a product can possibly be in.


Nettopp.
Denne veka er eg vikar i ein barnehage frå måndag til fredag. Det er lenge sidan eg har jobba sopass lenge i barnehage, og ikkje minst stått opp so tidleg, men det var faktisk måndagen som var verst! Då eg kom heim etter 8 timar med utestemme inne, utetid i litt for kalde støvlar og to fulle bussar som strauk forbi medan eg venta på å få koma meg heim - då var eg i alt anna enn mint condition. Humøret var bra, for barnehagen er storvegs, men restn stod det heller slapt til med.
Då er det berre ein ting å gjere: slenge seg på sofaen, få ostesmørbrød til middag og høyra på lydbok.

Og no er det på tide å introdusera MYNTEN!
Etter nokre timar på sofaen vart eg nemleg ordentleg godtesjuk/fysen/snavlesjuk, og tok eit kjøleskapsraid, sjølv om eg trudde at eg visste kva som var der inne. Det visste eg tydelegvis ikkje!

Øvst i grønsaksskuffa fann eg nemleg ein bukett med mynte. Det er ikkje alltid eg er like flink til å etterleva FIFU, Fyrst Inn Fyrst UT, - regelen, og brått kan eg finne ting eg hadde gløymd at eg hadde kjøpt. Fine, før friske ting som må brukast UMIDDELBART før dei må kastast, og eg hatar å kasta ting.
 Og då visste eg kva eg skulle gjera.

Eg skulle laga myntekaka, men i staden for å laga den i brødform, som eg pleier, skulle eg sjekka om det funka som muffins. Oppskrifta, som eg har fått frå ein brukar på nettstaden underskog.no, var identisk, og ser slik, ut: 

MYNTEKAKA
75 gram smør, smelta
1 dl mjølk
3 ss hakka mynte
2 egg
2 dl sukker
2 dl kveitemjøl
1,5 ts bakepulver


Og so gjer du slik:

  • Set steikeomnen på 175 grader.
  • Smelt smør, ha i mjølk og mynte.
  • Visp saman egg og sukker
  • Hell smør/mjølk/mynte-blandinga inn i eggedosisen
  • Bland bakepulver inn i mjølet og vend inn i det våte.
  • Hell røra i smurt form, gjerne brødform. 
  • Steik kaka i ca 30 minutt, til den har fått ein vakker bul på midten og blitt gylden. 

Smør og mynte. Det lukter fantastisk!
Fine og flott heva muffins. Litt ujamn stoleik, berre.

Eg elskar denne kaka. Den er rask, saftig og deilig. Det kan henda nokon vil synast den er for søt, men då er det fritt fram å redusera sukkermengden. Ein gong me hadde svigers på middagsbesøk kasta eg saman denne kaka medan me rydda av bordet, laga kaffi og trakk bort i salongen (= gjekk 2 meter bort til sofaen). Det vakte åtgaum kan de tru!

Eg nemnde at eg ikkje har laga desse som muffins før, berre som kaka i brødform. Dei funka heilt greit som muffins og, men vart litt for tunge og satte, so eg trur nok eg skal fortsetja å laga denne som KAKA. So kan eg heller tilsetja mynte til den fabelaktige nigella-oppskrifta eg pleier å bruka på muffins.

NAM.

torsdag 3. november 2011

Ratatouille a la Rottatouille







Sidan eg er ein treigas av ein matbloggar er det godt eg har lesarar som følger oppmodinga om å ynskja seg tekst til bileta. Gislaug har spurd om forma med squash, aubergine og paprika, og det skal ho straks få svaret på. Men aller fyrst: Sjå på denne handlinga!



Er det ikkje direkte SYNDIG?
Det var ei handlekorg med berre kjøt; kyllingfilet, indrefilet av svin og ein mørbrad av storfe, og ost; jarlsberg, cheddar, port salut og ridderost.

Og alt er til eit einaste måltid, nemleg vår eigen variant av den sveitsiske eller franske spesialiteten Raclette.

Bakgrunnen for gildet var at foreldra mine kom til byen. Då inviterte me syster mi og svigers på ein soiree med kjøt og ost i hovudsetet. Det er sjeldan me et raclette, særleg sidan det faktisk er svigermor og ikkje oss som eig eit raclette-jern, men det er ikkje so ofte ho tek seg bryet heller. Men no skulle den til pers!

Vanlegvis bruker svigermor å skjæra opp grønsaker som blant anna lauk, paprika og sopp som også kan grillast på racletten, men sidan me vart 7 til bords ville det teke tid og ikkje minst brukt opp plass der kjøt burde grillast, so eg tenkte at me burde ha nokre ferdig tilberedte grønsaker. Og inspirasjonen kom frå ein film. Ver merksam på spoiler-alert dersom du ikkje har sett filmen, men kan tenka deg å gjera det seinare:



For ein fabelaktig film! Og for ein freistande matrett! Eg forstod ganske umiddelbart at dette var det riktige grønsaksfølget til kjøt og ost-orgien på vår vesle soiree, og googlinga kunne starta. Ikkje overraskande var det hjå gode, gamle Debbie at eg fann inspirasjonen eg trong, og dette er det ho skreiv:
"I can`t believe how well this worked out. I also can`t believe I cooked a cartoon dish created by an imaginary rat. But I can believe I´ll be making this again tomorrow, because it`s delicious, seasonal, and an incredible cinch to make."
Eg veit ikkje heilt kva "cinch" betyr, men eg var overtydd likevel.  So her er oppskrifta på mi

Ratatouille a la Rottatouille og Debbie

1/2 lauk, finhakka
2 kvitlauksfedd, hakka
1 boks grovhakka tomater
2 ss tomatpure
1 ss olivenolje
1 aubergine
1 squash 
1 raud paprika
olivenolje
timian
salt og pepper
  • Set steikeomnen på 190 grader.
  • Mos tomatene med stavmixar, bland i tomatpure. 
  • Bland inn finhakka lauk og kvitlauk.
  • Hell alt dette i botnen av ei eldfast form. Det går forøvrig sikkert an å blende lauk og kvitlauk inn i sausen hvis ein vil ha ein smooth tomatsaus, men det trengs ikkje. 
  • Skjær alle grønsakene i fine ringar.
  • Legg grønsakene lagvis i ein flott spiral. Trikset for å oppnå det mest estetiske resultatet her er om grønsakene ein har funne er omlag like tjukke. Eg fann ikkje det, og hadde feit aubergine og feit paprika, men det gjekk bra likevel. Skvis grønsakene ned i sausen.
  • Dryss olivenolje, timian og salt og pepper over.
  • Set forma i omnen og la bake i 45 - 55 minutt, sjekk når det nærmer seg 45 minutt. Når grønsakene er møre og tomatsausen boblar opp over dei er det ferdig. 
Debbie gjer eit par ting eg ikkje gjorde, som å skjæra opp grønsakene på ein mandolin (kjøkenreiskapen, ikkje instrumentet) og å dekka forma med bakepapir. To sikkert nyttige tips, som likevel ikkje er heilt naudsynte. 

Raclettegildet vart ein formidabel suksess. Det kan vel knapt gå an å ta feil med ei slik mengde kjøt og ost, og ratatouillen var eit supert følge. For å sei det slik: Det vart spurd om oppskrift. 

Klar, ferdig....
Dig in!
PS. Hvis du vil lesa noko fint om filmen Rottatouille, so lika eg skikkeleg godt denne teksten frå NY Times