søndag 8. mai 2011

Nyforelska

Når Andreas Viestad damper asparges på ein dampbåt i fart over sjøen, faktisk med dampen direkte frå motoren, då kjenner eg at eg blir litt forelska i han igjen. Og i Skandinavia. Mai er månaden for nasjonalkjensle, ikkje sant?

Programmet går på min nye favoritkanal, BBC Lifestyle, og heiter New Scandinavian Cooking.

Søndagar på nemnde kanal går også eit anna skandinaviks matlagingsprogram, dette med den kleine tittelen Perfect day. Det var her eg for fyrste gong såg min nye helt, og forelska meg litt i finske, friske, fantastiske Sara La Fountain!

No har eg lyst til å laga gjeddekaker med mynte og timian, eller raude variantar med rødbet. Og Kalevala-gryte med rugbrød eller havregraut med tyttebær i dei finske skogane.

onsdag 4. mai 2011

Eksamenstid

Eg har mange postar eg vil legga ut. Fotografi eg har tatt av mat eg har laga, og tankar eg har tenkt om billig mat, sunn mat, økologisk mat, bærekraftig mat, deilig mat og det eine med det andre.

Men eg har også eksamen i morgon, so då har eg ikkje tid til alt det andre.

Me har invitert nokon vener på besøk i morgon, for å feira at eg er ferdig, og då er det jo kjekt å by på noko å bita i, so no har eg satt ein deig som skal heva i 18 timar. Praktisk!



Håper brødet mitt blir like sexy og luftig som det han i videoen ordna (mykje meir sexy enn stemma han skryt på seg i alle fall).