tirsdag 5. april 2011

Mmmmm, makaroni og spinat!


På butikken, impulsivt, slengte eg ein pose spinat i handlekorga. Eg visste ikkje heilt kva eg skulle gjere med den, men det var truleg undermedvitet som kicka inn - kvelden før hadde eg lese i ei kokebok frå Toscana som blant anna presenterte retten spinaci con uove - eller på norsk: spinat med egg. Medan eg pakka inn varene kom eg på at Deb frå Smitten Kitchen hadde hatt ei oppskrift med noko spinat ein gong, so eg gjekk i gong med research.

Konseptet i begge tilfella er spinat og kvit saus, bakt i ovn. Den italienske versjonen har knekt egg over som får posjera i sausen og er steikt i panne på ovnen.Posjering i saus er for øvrig ein tilberedningsmåte av egg eg har fått meir og meir sansen for sidan shakshuka kom inn i livet mitt, også den via Smitta Deb. Oppskrifta hennar er frå Julia Childs franske kokebok, og det skulle jo vere eit kvalitetsteikn i seg sjølv.