søndag 23. juni 2013

tirsdag 18. juni 2013

Sommarmiddag på ny balkong

Me har flytta! Til Bakklandet, vakre Bakklandet der kafèane lager postkort av rein kjærleik:


Og her er det fyrste ordentlege måltidet i nytt husvære. Strengt tatt var ikkje dette det aller fyrste måltidet i leiligheita - det var nemleg takeaway pizza og øl med gode vener og hjelparar som var med i flyttesjauen - men det er i alle fall det fyrste måltidet på heilt eigen balkong! Og det var eit lekkert måltid med steikt kjøt og grønsaker som er bakt i omn & steikt på grillpanna.

Råvarene hadde me fått i presang av husvertane me flytta frå - klart det er trist å flytta frå so fine folk!


Kjøt og grønsaker a la Bakklandet


  •  1 stykke marinert fårekjøt
  • 1 squash i skjever, 1-2 cm tjukke
  • 1 korg cherrytomater
  • 5 fine poteter i båtar
  • 5 sjalottlaukar
  • god, smaksett olje
  • eventuelt krydder
  • Grønn salat


Ha poteter og reinsa sjalottlaukar i ei eldfast form, hell over litt olje og bland godt. Eg bruker hendene slik at alt blir dekka av olje. Salt og pepper og eventuelt anna krydder over. 
Ha cherrytomatene i ei anna eldfast form. Set begge formene i omnen på 200 grader til det er ferdig; potetenenår dei er er møre og har fått litt farge og tomatene når dei sprekk. 

I mellomtida: pensle squash-skjevene med olje. Varm opp grillpanna til supervarm og grill dei på begge sider. Den som ikkje har grillpanne kan steike dei i vanleg panne eller ha bitane i lag med potetene. 

Kjøtet me brukte var ein lekker filet ferdigmarinert fårekjøt. Det brunte eg raskt i supervarm grillpanne, før eg skrudde av varmen på steikeomnen og la kjøtet oppå potetene i nokre minutt. So lot me det kvile litt på skjærefjøla før me skar opp i serveringsstykke.

Server med grønn salat. "Pionersalat" heitte den me hadde fått, ein sprø og fin blanding av smakssterke, litt bitre blad. Og øl. Dette passa strålande bra til øl.



Oljetips

Heldigvis har eg eit lite skap fullt av ulike gode oljar, og eit par av desse brukte eg til denne maten. Til potetene og lauken brukte eg ein olje eg kjøpte på Gotland i fjor sommar: kajpolje av den gotlandske varianten av ramslauk. Det vart ein nydeleg lauksmak.
Squash-skjevene pensla eg med dødsgod kvitlauksolje. Sidan eg hadde desse oljane vart midagen både smaksrik og deilig, og me trong ikkje noko særleg meir smakstilsetjing enn eit lite dryss urtesalt.

Både saltet og kvitlauksoljen fekk eg til jul av tante K og onkel O - ei aldeles strålande julegåve. Alle burde ynskje seg noko slikt til jul, so dei kan laga eit like deilig måltid til sommaren.

Og no?


No skal me bruka litt tid på å flytta ordentleg inn og få oss eit godt system i kjøkenkroken...