søndag 7. november 2010

Easy-peasy-thailandeasy



Det skal ikkje mykje til for å jukse til seg ein smak av Thailand: ingefær, chili og kokosmjølk gjere susen. Sitrongras og galangarot er sikkert toppare enn toppers, men dei er også sopass eksotiske at det er sjeldan eg har dei i hus. Ingefær, chili, kvitlauk, lauk derimot, det har me alltid - og i dag blei det ei deilig thai-aktig kyllingsuppe frå grunnen av. Mykje betre enn santa-maria sin tom-ka-gai-pulvervariant i alle fall! Sterk og deilig, men mildna av den vidunderleg deilige smaken av kokosmjølka. I god restemat-stil fekk me tilogmed brukt opp litt chili som song på siste verset. Skalet blir irriterande og hardt, umogleg å tygga, men det gjer ikkje noko. Då kan ein nemleg berre pille det vekk. Inni er det mjukt og sterkt chilikjøt som set masse god smak på suppa.



Mengder er alltid relative når middagen skal juksast til - og særleg når det gjeld smaksbomber som dette, men i dag hadde me omlag dette til 2 personar:

Dette fekk fresa i litt olje:
Ingefær - ein finhakka bit omlag so stor som ein halv dametommel.
Chili - Ein og ein halv utan frø.
Kvitlauk - 2 fedd
Lauk - 2 små vanlege kepalauk

So kom denne gjengen her opp i kjelen:
Kokosmjølk - ein boks
Gulrøtter - 2 stk, strimla med skrellar for ein fancy effekt og kort koketid.
Kylling - ein stor filet, tint, skore i bitar og steikt litt på førehand.

Og so åt me det til middag saman med kokt ris og sambal oelek. Sambal oelek har eg nettopp fått opp auga for, og er frelst. Nammesen.