fredag 20. august 2010

Sommar på hell: Resterullar

Eg hugsar dei fyrste turane på Kina-restauranten i Bergen, den einaste eg kan hugsa frå barndomen. Den med ein stor, feit og glad gull-buddah ved inngongen, tepper på golvet og lykter frå taket. Og best av alt: ein fiskedam med ekte fisk! Kvite og raude fisk, bror min og eg stod på brua over dammen og såg ned på dei når me var ferdige å eta.

Eg hugsar ikkje so godt matopplevinga, berre stemninga på staden. Mørkt og raudt! Men eg hugsar at eg elska vårrullane. Vårrullar, crispy og eksotiske (eg hadde nok blitt sjokka om nokon fortalde meg at det var kål i dei!), eg skreiv dei opp som yndlingsmaten min når eg skreiv i skuledagbøker der yndlingsmat vart etterspurd.


Men som so mange andre av barndomens infatuations: også denne gjekk over. Hadde eg kome inn på ein slik restaurant i dag ville eg nok ikkje bli like imponert over den mystiske orientalske stemninga, kanskje i beste fall ironisk-begeistra og fnisete. Og vårrullar er ikkje yndlingsmaten lenger, sjølv om eg framleis likar det godt.



Det er ikkje vår no, det er midt i august og det har byrja å regna. Sommar på hell. Eg har aldri prøvd å laga vårrullar sjølv. Sommarrullar, derimot! Det er ein hit.

Konseptet er å rulle eller brette deilige matgreier inn i rispapir, ikkje ulikt vårrullane altså. Men dette rispapiret skal berre bløytast og rullast og er ferdig - ingen fritering naudsynt. Eg innbiller meg at det gjer heile retten mykje sunnare!

Dagens fyll bestod rett og slett av rester frå dagens middag. Med vilje laga eg litt meir ris, litt meir fisk og litt meir grønsaker enn me trengte. Eg måtte gje streng beskjed til sambuar om at det ikkje var naudsynt å eta opp alt, for eg hadde ein plan med restane.



Framgongsmåten er so lett som ein plett: ta rispapir (desse kosta ca 40 på Meny), og bløyt i varmt vatn. Eg laga riktig fint samleband: eit ark i vatnet, eit til tørk på ein handduk på benken (so det ikkje skal dryppa, men bli litt klissete i staden) og eit klart til fylling på fatet.

Innhaldet var, som de ser: grillpannesteikt laks, broccoli og asparges,og ris frå middgen. I tillegg: soyaolje med wasabi (i koppen), fersk snitta vårlauk, litt fersk hakka kvitlauk.
Eg vil hevda at det meste som smakar godt kaldt kan passa godt rulla inn i rispapir. Agurk, avocado, reker (eller andre sushi-ingrediensar), kikerter, salat, skinke, kylling (eller andre salatingredienser) eller kva ein har for handa. Lett som ein plett!



Brett over, pakk inn og FERDIG! Eg kunne jo ha rulla i staden for å bretta, det ville kanskje gjort pakkane litt meir solide, for som det ser til høgre der er den eine i ferd med å sprekka.



For å vera på den riktig kritiske sida kan eg jo nemna at soyasausen ikkje akkurat gjer pakkane max estetiske, men det bryr eg meg ikkje om. Soya + wasabi gjer akkurat det lille kicket som passar kjempebra saman med øla på biletet.

No er det NRK sin 50-årsdag på fjernsynet. Passer også bra med sommarrullar, denne småregnete augustkvelden.

torsdag 19. august 2010

Våre bønner er høyrde


Me serverte bønneburgarar av svartaugde bønner. Tilbehøret var hoummus, tsatsiki, ris med quinoa og kålsalat med skogsbæreddik.
Oppskrift på burgarane var lett inspirert frå internettet, eit googlesøk på "bean burgers" eller liknande. Om eg ikkje hugsar feil hadde me sopp, lauk, blomkål og brokkoli i dei. Internettet var kjelde for enno ein smart dimensjon ved denne middagen: at alle burgarane var like flotte og runde. Tipset snappa eg opp frå foodgawker, men eg fann ikkje lenka nett no. Uansett: Takk, ukjende amerikanar, for tipset om å forma burgarane i eit syltetøyglaslokk! Med litt plast mellom trykte eg farsen nedi lokket, og ut kom perfekte, unisone bønneburgarar. Det var gøy.






Det var ein suksess, rett og slett.