Prinsipp skal vere rettleiande, ein målestokk. Det er lett å fortelja seg sjølv at dei ikkje er absolutte - eller ein kan ha fleire ulike prinsipp, nok til at det går an å velga og vraka der det høver best. Det går an å ha som hovudprinsipp at maten skal vera sunn, at næringsinnhaldet skal vera balansert. Det går an å villa kutta ned på kjøtforbruket og berre kjøpa økologisk, kortreist, rettferdig, kvalitetskjøt. Og at hovudinnhaldet i kosten skal vere vegetarisk. Samtidig går det også an å villa bidra mindre til all maten som blir kasta i (den vestlege, rike) verda. Og so hender det at dei sel røykte kjøtpølser til 10 kroner pakken pga datostemplinga.
Og når eg er seint ferdig på jobb og ikkje kjem heim før klokka halv seks - då er det lite høgverdige prinsipp og visjonar som gjeld. Då vil eg berre ha mat. Fort. (Men det bør framleis smaka godt.)
Kvardagsmiddag: Pølse, pasta, pesto
2 pølser
2 små raudlauk
olje, salt, pittelitt sukker
spaghetti til 2
2 toppa ts raud pesto
salt, pepper etc.
Kok spaghetti.
Skjær laukane i nokså tjukke (1/2 cm - 1 cm) skjever/ringar. Varm opp litt olje i steikepanna, ha i lauken. Dryss over salt og pittelitt sukker. Steik til litt brun.
Skjær pølsene i skjever. Ha i steikepanna. Steik lauk og pølser til ferdig, rør rundt.
Når spaghettien er ferdig, hell i dørslag. Ha i raud pesto og bland inn.
Et.
Viser innlegg med etiketten pasta. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten pasta. Vis alle innlegg
mandag 18. mars 2013
søndag 9. desember 2012
søndag
dagene styrter avsted som ville hester over alle hauger
charles bukowski
Det går i eitt med kvardagar, dei kalde klare, dei gørre grå, dei late, dei som er fylte med folk og fest og mat. Det går i eitt med lesing på bussen, timelisteføring, arrangering, møter, knekkebrød med makrell i tomat i lunsjen. Og no er det byrja med julabord, no er det tid for å få i stand alle dei planlagte treffa og middagsbesøka og lefsebakinga og pepperkakehusbakinga og me må jo få møttes før jul!
Det er heilt greit med kvardagar og. Men i dag stod me opp so seint som me villa, drikk kaffi og slappar av i sofaen, ser på tv-serie og ute er det kaldt, so me går ikkje tur likevel.
Me står ved sida av kvarandre med kvart vårt skjærebrett og kvar vår kniv. Pastavatnet er satt på kok, der skal spaghettien få bli al dente. Det er grønnkål i frysen, eg tar den opp og riv frå kvarandre i passelege bitar. Grønnkål blir litt som papir når den er frosen, den blir ikkje seig før den får tint litt. So hakkar eg kvitlauk. Henning drar skinnet av nokre pølser, røykte kjøttpølser av den billige og berre passeleg gode typen.
Når pastaen har kokt heller med den i dørslag og renne av. I den varme kjelen smelter me litt smør og lar kvitlauken surra litt. So har eg i kålen og lar den falla litt saman og bli litt mør. Har i matfløyte, og heller tilbake pastaen. Henning steiker pølsene og på slutten av steikinga heller han over litt sweet chili og sriracha-sausar. Då blir dei klissete, nesten karamelliserte, og det blir eit lite helvete å få panna rein, men det går bra.
So er det middag i sofaen, slapp søndag, og i kveld skal me til byn og sjå James Bond.
Etiketter:
enkel middag,
favoritt,
grønnkål,
kvitlauk,
pasta
torsdag 20. september 2012
I just KÅL to say...
I love you.
Grønnkål er stor og kraftig og vakker. Tidvis litt grov, men riktig behandla er det deilig, deilig.
For ei tid sidan såg eg denne interessante saken med forfattarar sine oppskriftstips, og merksemda mi vart fyrst tend ved Jonathan Franzen sin enkle, kjekke rett: Pasta med grønkål. Eg ler av introduksjonen oppskrifta har fått:
We want to make fun of Jonathan Franzen for calling this garlicky pasta “handsome,” “private,” “erotic” and “virtuous,” but we want to eat it so much that we can’t quite bring ourselves to give him any lip.
Det er noko corny med orda han brukar for å skildra retten sin, den gode mannen. Men middag som er enkel å laga, billeg og sunn er alltid velkomen i min heim. Og særleg enkle, men deilige forslag til å bruka favorittingrediensar som eg ikkje har prøvd ut i so mange oppskrifter før.
Me gjorde eit par endringar då. Det eine er safransoljen eg kjøpte på ferietur til Gotland i august. Og det andre er akkurat det Franzen kallar vanhelligelse: me reiv parmesan over. Me har no heller aldri vore so opptatt av det heilage.

Pasta med grønkål, på enklaste vis.
- Riv passelege bitar av grønkålen, ikkje ta med grov stilk.
- Kok pasta, fx spaghetti i salta vatn.
- Hakk kvitlauk fint, steik den i olivenolje til den lukter deilig og er litt brun. Pass på at den ikkje blir brent! Brent kvitlauk er gresseleg.
- Hell pastaen over i dørslag, ta av litt pastavatn til neste punkt.
- Damp kålen i litt av vatnet til den fell saman og blir mør.
- Bland kål, pasta og olje med kvitlauk, kverne litt pepper over. Hell også over litt safranolje hvis du har, i tilfelle du og har vore på gotland eller noko.
- Server med parmesan om du er rampete, utan dersom du er tru mot skrifta.
Etiketter:
billig,
deilig mat,
enkel middag,
favoritt,
kvitlauk,
kål,
pasta,
sunt,
vegetar
tirsdag 21. februar 2012
Magisk Måndag med eit touch av humor
Høgdepunkt frå ein kveld, ein middag eg lenge har hatt lyst til å laga og ein punktvis intro som ikkje har noko som helst med resten å gjera:
- Nokon ville ha kake, og Gilbert syntes det høyrdes bra ut med sitronkaka. Det slo ikkje feil. Det slår aldri feil, eg har aldri servert denne kaka utan at nokon kjem opp med eit strålande kompliment. I god populærkulturell referansestil har eg lyst til å ropa: I LOVE THE SMELL OF FRESHLY GRATED LEMON ZEST IN THE EVENING!
- Eg må innrømma at det kanskje er litt nyttig med mikro, for då gjer det ikkje noko om ein ikkje har romtemperert smør når ein skal gå igong med baking og skal røra smør og sukker kvitt for hand.
- Gjøran kan i tillegg tipsa om at mikrobølgeomnen er god til å varme opp gamle grændis-stykke som har lugge på benken eit par timars tid. Stakkar Gjøran. Ikkje berre nasedøv, men fullstendig mateist.
For eit par veker sidan var me på Magisk Måndag hjå Gjøran og dei. Magisk Måndag tyder at Gjøran et les garcons fyller huset med gode vener, men dei andre hadde ete middag før me kom sjølv om MM pleier å innebera fellesmiddag. Okei, då fekk eg, Henningen og Hjørdis laga oss middag sjølv. Til vanleg krevst det kjøttdeigbasert mat til MM, men eg nytta høvet til å laga noko eg alltid har hatt lyst til å prøva, nemleg Horepasta. Eventuelt betre kjend som Pasta Puttanesca:
HOREPASTA
- Ein boks tunfisk
- Ein boks ansjos av typen "gaffelbiter" eller noko slikt, men aller halst omlag 30 gram ordentlege, middelhavsansjos.
- 2-3 ss kapers, hakka.
- Eit par kvitlauksfedd, skrella og pressa (eller finhakka)
- Ein chili, finhakka. Eller eit par tre tørka minichilliar, smuldra opp.
- 8-12 svarte oliven hakka opp. Fleire til å ha på når servert.
- Ein boks hakka tomater.
- Pittelitt kanel.
- Frisk persille, opphakka.
- Spaghetti.
2. Hell av oljen frå tunfisken i ei steikepanne og hell oppi ansjosane (dei smelter, det er stas!), ha i kvitlauk, chili og kapers. Surr littegranne.
3. Ha i tunfisken, del den opp i panna.
4. Ha i boksen med tomater, rør omkring.
5. Rør inn hakka oliven og persille.
6. Smak eventuelt til med kanel hvis du likar ein liten touch av nordafrika i det middelhavske. Ei ts skulle halde.
7. Server som på biletet med heile oliven oppå.
Det var kjempegodt! Det er verdt å ha kapers, ansjos og oliven som ein del av basisutvalet slik at ein berre kan smella saman ein porsjon horepasta ein dag ein har lyst på ein smakfull og enkel middag. Eg skal la den gå inn i det faste middagsrepertoaret, utan tvil.
PS. Til slutt. Veldig god humor:
Etiketter:
dårleg tekst,
enkel middag,
Gjøran,
pasta,
tunfisk,
vegetar
søndag 20. november 2011
Stress < Fest
Eg hadde lagt store planer for laurdagsmiddagen, men heilt gløymd å passa tida, og med eitt oppdaga eg at eg hadde i underkant av tre kvarter på å laga og eta middag før eg måtte ut av huset. Stress?
Men so berre kokte me litt pasta, dampa litt brokkoli og steikte laks i ca 30 sekund på kvar side før me la alt på fat og helte salviesmør ove heile herligheiten - og på under 15 minutt hadde me ein heilt fantastisk, vidunderleg deilig middag. Fest!
Det er mange som hyllar Salma på same måte som Tor Tør hylla skodespelarinna med same namn i ungdomsbladet Topp på 90-talet, men alle er ikkje like einige i at det er verdens beste fisk. Sjå her til dømes, eit interessant blogginlegg som er kritisk til den enorme hypen.
Konklusjonen er likevel ikkje negativ, og sjølv vil eg trekka fram følgande gode sider ved frk. Salma: Når du har kjøpt eit stykke salma kan du vera heilt sikker på at du har kjøpt eit godt stykke fisk. Og har du dårleg tid slepp du å reinsa skinn og pilla bein, og du kan lika godt eta den rå som tilberedt. Eg likar den godt heilt rå når den skal vera sushi, eller som her: sovidt litt varma ytterst.
Smelt ei passe mengde smør etter kor mange som skal ete og kor mykje pasta det skal vere. Eg er jo einig med Arne Brimi i at "det einaste som er betre enn smør er meira smør", so eg tok omlag 40 gram og 15-20 ferske salvieblad. Hakk salvien med den praktiske teknikken chiffonade, der du ruller blada saman og hakker rullen opp slik at det blir lange, tynne bitar. Ha salvien i smøret og surr det på middels varme til smøret blir brunt og nøtteaktig, og salvieblada blir sprø og krympa.
Konklusjon:
For ein middagsrett! For ein festmat!
Eg rakk jobb med fin margin, og vart likevel både mett og glad. Faktisk so mett at eg ikkje vart svolten att før ti-tida om kvelden. Og so var det slett ikkje so dyrt heller. La meg gjera eit forsøk på eit reknestykke der eg reknar grovt og omtrentleg:
Brokkolien kosta 9.90, og me brukte omlag halve: 5 kroner.
Salvieplanta kosta 30 kroner, og eg kan sei at me bruka omlag 1/3 av den: 10 kroner
Pastaen kosta 15 kroner, og me bruka vel om lag halve posen: 8 kroner
Salmalaks, eit stykke på omlag 300 gram: 60 kroner
Smør: gidd ikkje rekna ut, for eg hugsar ikkje kva smøret kosta.
Tilsaman blir dette 93 kroner, som vil seia under 50 kroner per person. Og det er jo ikkje so verst!
Eg trur dette er den perfekte retten hvis ein skal invitera nokon på ein romantisk middag heim til seg.
| Kvar siste smule vart eten opp. |
Etiketter:
deilig mat,
enkel middag,
laks,
pasta,
smør
søndag 14. august 2011
Søndag? Svigermors solo-pasta!
Etter ein fantastisk fest på eit gårdstun, komplett med nattmat, underhaldning og ein vidunderleg soloppgong i 5-tida er det greit med noko enkelt og kjapt. Og godt.
Svigermor laga denne tunfiskpastaen ein gong me begge var gressenker, og eg var innom på besøk. Ho fortalde at ho pleier å laga seg dette når ho skal laga middag til kun seg sjølv, difor overskrifta, men då med halv mengde. Sjølv halvert vert det ein solid porsjon til eit menneske - men det er innmari godt, og eg fekk kål på heile greia, godt hjulpe av bakfylleulven eg gøymer i magen etter slike festar.
Etiketter:
aleine heime,
enkel middag,
ferdigmat,
kokebøker,
pasta,
svigermor,
tunfisk
torsdag 3. mars 2011
Ei rekke samanfallande hendingar
Rett etter at vidunderlege Smitten Kitchen la ut oppskrift på sitron og olivenolje-pasta skulle han som ikkje toler sitroner til Berlin for helga, og eg tenkte:DET ER PÅ TIDE MED SITRON I MIDDAGEN!

Og jammen hadde ikkje Bunnpris byrja med noko nytt: Sitroner i nett til kroner 6.40. (Er ikkje det latterleg billeg? Korleis går det an?)
So det kjøpte eg, saman med ein pose ost. Åh, eg veit at det sannsynlegvis er noko kødd med den osten og (for ikkje å snakka om kor lite den kan samanliknast med fersk eller fancyost), men eg går for juksemat, gjer eg ikkje?

La meg presentera: Eit lite mettande, næringsmessig ikkje akkurat fullverdig, kvitt, mjukt, surt og aldeles fabelaktig måltid. Still inn kvitbalansen, baby!

Og er ein heime aleine, då kan ein gjera nett so ein vil.

ost,
pasta,
sitron
søndag 3. januar 2010
Past og laksaflaks
Det er jo typisk! Når ein no fyrst har laga seg ein matblogg, so burde ein jo skriva litt i den. Og ha fine bilete. Alle matbloggar med respekt for seg sjølv har fine bilete av maten - både arbeidet in progress, og av den ferdige retten lagt opp på fat og pynta. Hvis maten ikkje er særleg fotogen skal ein sjølvsagt kommentera og forklara om kor fantastisk den smakte.
Men so har eg ikkje noko eige kamera. Og so er eg ikkje noko flink til å ta bilete med H sitt kamera. Og i verste fall, so er ikkje kameraet med når me lagar noko som burde forevigast i bloggen.
I dag, til dømes, kom me heim frå spaserturen i snøværet akkurat i tide til middag. Me hadde teke to laksefiletar frå frysen, og no låg dei klare til steiking på benken. Me måtte berre ha tilbehør fyrst.
- Polenta med feta! Sa eg.
- Heimelaga pasta! sa H.
Det var ikkje noko feta i kjøleskapet, so då vann han. Pasta, ja. Det har me jo aldri laga før, so det gjer me no medan eg er so svolten at eg har lyst å eta laksen rå. Det var det eg tenkte, men eg sa det ikkje. Eg tok eit knekkebrød i staden.
So tok H:
5,5 dl kveitemjøl. Det la han i ein haug på benken, og laga ei grop i mjølet.
I gropa knakk han:
4 egg (Anna Bergenstrøm sa 3, men egga våre var veldig små)saman med
1/4 ts salt og
2 ss olje
So tok han ei tresleiv og jobba litt og litt mjøl frå haugen og inn i egga. Etter ei stund, når det var veldig deigete sa han at dette aldri kom til å gå bra, so han hadde i 1 ss vatn. Og so elta han. Etter 5 minutt tok eg over. H trudde framleis ikkje det kom til å gå bra, men etter at eg hadde elta i 5-10 minutt var deigen gul og fin, elastisk og mjuk og hadde i seg alt mjølet. Så elta H i 5 minutt til.
Etterpå skulle deigen kvila 1 time.
KJevla tynt, rulla samn, skar opp. Tørka over stolrygg, kokte i 4,5 minutt. Perfekt laks. Selleri, gulrot og lauk med basilikum, salt peppar og smør var digg. Pastaen var deilig til. FLAKS!

Bergenstrøm,
heimelaga,
laks,
middag,
pasta
Abonner på:
Innlegg (Atom)