fredag 23. desember 2011

22. desember


No er eg heime hjå mor og far på vestlandet. No er eg unge igjen. Det er vått og grått, til skilnad frå det tørre, kvite Trøndelag eg forlot i går tidleg, men det gjer ikkje noko. Eg er HEIME.



På grunn av sjukdom, moglegeins den mest omtalte sjukdommen i kommunen i haust*, må me borna trå litt ekstra til for å få jula klar, so allereie til frukost i dag tok eg ein liten skjerv: reinsa kaffitraktaren. Det er noko so uendeleg enkelt og tilfredsstillande ved det å reinsa kaffitraktaren.

Fyrst er det litt ubehageleg  å sjå kor ruskete og mørkt den fyrste runden med vatn faktisk er, men sidan er det bere tilfredsstillande og greit. Eg bruker reinsemiddelet som heiter Cleandrop – det er noko kjemiske greier som nok knapt er økologisk eller bærekraftig, men eg veit ikkje om noko alternativ, og eg synes det er so kjekt at eg knip auga saman for eventuelle feller ved middelet.


Sidan skal eg reinsa alle kaffikannene og, men då bruker eg kjerringråd: BAKEPULVER:

1 ts (eller meir, sidan brusinga er veldig morosam) nedi termosen/kanna.

Fyll på med varmt vatn.

La stå, fryd deg ved brusinga og skummet.

La deg eklast av dei små slintrane av brunt belegg som legg seg oppå skummet.

Hell ut vatnet, skrubb eventuelt nedi med ein oppvaskkost for ein siste finish. 



Slik går kaffikanna di frå å ha eit dimt, brunt belegg inni til å bli skinande og blank. Det er som eit lite julemirakel, og du kan nyta ein enno betre kopp kaffi.



*I alle fall om ein skal døma etter alle som stoppar og ynskjer god betring på butikken! For ordens skuld: det går bra no. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar