søndag 7. november 2010

Easy-peasy-thailandeasy



Det skal ikkje mykje til for å jukse til seg ein smak av Thailand: ingefær, chili og kokosmjølk gjere susen. Sitrongras og galangarot er sikkert toppare enn toppers, men dei er også sopass eksotiske at det er sjeldan eg har dei i hus. Ingefær, chili, kvitlauk, lauk derimot, det har me alltid - og i dag blei det ei deilig thai-aktig kyllingsuppe frå grunnen av. Mykje betre enn santa-maria sin tom-ka-gai-pulvervariant i alle fall! Sterk og deilig, men mildna av den vidunderleg deilige smaken av kokosmjølka. I god restemat-stil fekk me tilogmed brukt opp litt chili som song på siste verset. Skalet blir irriterande og hardt, umogleg å tygga, men det gjer ikkje noko. Då kan ein nemleg berre pille det vekk. Inni er det mjukt og sterkt chilikjøt som set masse god smak på suppa.



Mengder er alltid relative når middagen skal juksast til - og særleg når det gjeld smaksbomber som dette, men i dag hadde me omlag dette til 2 personar:

Dette fekk fresa i litt olje:
Ingefær - ein finhakka bit omlag so stor som ein halv dametommel.
Chili - Ein og ein halv utan frø.
Kvitlauk - 2 fedd
Lauk - 2 små vanlege kepalauk

So kom denne gjengen her opp i kjelen:
Kokosmjølk - ein boks
Gulrøtter - 2 stk, strimla med skrellar for ein fancy effekt og kort koketid.
Kylling - ein stor filet, tint, skore i bitar og steikt litt på førehand.

Og so åt me det til middag saman med kokt ris og sambal oelek. Sambal oelek har eg nettopp fått opp auga for, og er frelst. Nammesen.

fredag 20. august 2010

Sommar på hell: Resterullar

Eg hugsar dei fyrste turane på Kina-restauranten i Bergen, den einaste eg kan hugsa frå barndomen. Den med ein stor, feit og glad gull-buddah ved inngongen, tepper på golvet og lykter frå taket. Og best av alt: ein fiskedam med ekte fisk! Kvite og raude fisk, bror min og eg stod på brua over dammen og såg ned på dei når me var ferdige å eta.

Eg hugsar ikkje so godt matopplevinga, berre stemninga på staden. Mørkt og raudt! Men eg hugsar at eg elska vårrullane. Vårrullar, crispy og eksotiske (eg hadde nok blitt sjokka om nokon fortalde meg at det var kål i dei!), eg skreiv dei opp som yndlingsmaten min når eg skreiv i skuledagbøker der yndlingsmat vart etterspurd.


Men som so mange andre av barndomens infatuations: også denne gjekk over. Hadde eg kome inn på ein slik restaurant i dag ville eg nok ikkje bli like imponert over den mystiske orientalske stemninga, kanskje i beste fall ironisk-begeistra og fnisete. Og vårrullar er ikkje yndlingsmaten lenger, sjølv om eg framleis likar det godt.



Det er ikkje vår no, det er midt i august og det har byrja å regna. Sommar på hell. Eg har aldri prøvd å laga vårrullar sjølv. Sommarrullar, derimot! Det er ein hit.

Konseptet er å rulle eller brette deilige matgreier inn i rispapir, ikkje ulikt vårrullane altså. Men dette rispapiret skal berre bløytast og rullast og er ferdig - ingen fritering naudsynt. Eg innbiller meg at det gjer heile retten mykje sunnare!

Dagens fyll bestod rett og slett av rester frå dagens middag. Med vilje laga eg litt meir ris, litt meir fisk og litt meir grønsaker enn me trengte. Eg måtte gje streng beskjed til sambuar om at det ikkje var naudsynt å eta opp alt, for eg hadde ein plan med restane.



Framgongsmåten er so lett som ein plett: ta rispapir (desse kosta ca 40 på Meny), og bløyt i varmt vatn. Eg laga riktig fint samleband: eit ark i vatnet, eit til tørk på ein handduk på benken (so det ikkje skal dryppa, men bli litt klissete i staden) og eit klart til fylling på fatet.

Innhaldet var, som de ser: grillpannesteikt laks, broccoli og asparges,og ris frå middgen. I tillegg: soyaolje med wasabi (i koppen), fersk snitta vårlauk, litt fersk hakka kvitlauk.
Eg vil hevda at det meste som smakar godt kaldt kan passa godt rulla inn i rispapir. Agurk, avocado, reker (eller andre sushi-ingrediensar), kikerter, salat, skinke, kylling (eller andre salatingredienser) eller kva ein har for handa. Lett som ein plett!



Brett over, pakk inn og FERDIG! Eg kunne jo ha rulla i staden for å bretta, det ville kanskje gjort pakkane litt meir solide, for som det ser til høgre der er den eine i ferd med å sprekka.



For å vera på den riktig kritiske sida kan eg jo nemna at soyasausen ikkje akkurat gjer pakkane max estetiske, men det bryr eg meg ikkje om. Soya + wasabi gjer akkurat det lille kicket som passar kjempebra saman med øla på biletet.

No er det NRK sin 50-årsdag på fjernsynet. Passer også bra med sommarrullar, denne småregnete augustkvelden.

torsdag 19. august 2010

Våre bønner er høyrde


Me serverte bønneburgarar av svartaugde bønner. Tilbehøret var hoummus, tsatsiki, ris med quinoa og kålsalat med skogsbæreddik.
Oppskrift på burgarane var lett inspirert frå internettet, eit googlesøk på "bean burgers" eller liknande. Om eg ikkje hugsar feil hadde me sopp, lauk, blomkål og brokkoli i dei. Internettet var kjelde for enno ein smart dimensjon ved denne middagen: at alle burgarane var like flotte og runde. Tipset snappa eg opp frå foodgawker, men eg fann ikkje lenka nett no. Uansett: Takk, ukjende amerikanar, for tipset om å forma burgarane i eit syltetøyglaslokk! Med litt plast mellom trykte eg farsen nedi lokket, og ut kom perfekte, unisone bønneburgarar. Det var gøy.






Det var ein suksess, rett og slett.

torsdag 24. juni 2010

EIN PLAN:

Kvifor ein matblogg? Det fins jo tusen andre, og den eine er betre enn den andre. Men eg har litt lyst, so då skal eg prøva. Her er utgongspunktet:

- Eg elskar å lese kokebøker, og prøver ganske ofte oppskriftene derifrå, men eg følger dei sjeldan. Dette er ikkje fordi eg er så fabelaktig flink og kreativ ei kokke, men snarare fordi eg er lat. Eg tek den lettaste utvegen, til tider kan du seie at eg rett og slett juksar. Andre gongar kan det hende at eg manglar ein ingrediens eller kjøkken-dings til å gjere akkurat det eg skal, so då må eg gjere noko anna
- Eg elskar å lesa matbloggar, og her gjeld det same som over.
- Hvis eg har bestemt meg for å laga noko heilt spesielt men ikkje finn det i kokebøkene er google min venn.
- Nokre gongar gjer eg som dei fleste andre: berre rører saman noko som står i skapa. Det blir oftare "heilt greit" enn "fantastisk", men det kan jo hende det slumpar til ein gong.

Og frå dette utgongspunktet får eg desse ideane til formål for bloggen:

- Spre det gode ord og anbefala digge bloggar og deilige oppskrifter
- Visa meg når eg har gjort noko bra.

Noko seier meg at det blir meir av det fyrste enn det siste, men det får me sjå etter kvart.

Og til slutt, eit bilete av ost, vin og skinka som kjærasten og eg skal ha til kvelds, og eit motto eg har arva frå pappa. Mottoet gjeld like godt for blogggen som for livet generelt.



Gaor da, so gaor da. Og gaor da kje, so gaor da og.

Shakshuka, I love you

Det er politikken og krigen, ikkje landet og kulturen me skal boykotta, om noko skal boykottast. So eg lagde SHAKSHUKA sjølv om det er frå Israel. Men nok om det, og meir om shakshuka.



For ein middag! For ein matrett! Det er noko so enkelt som ein god tomatsaus med lauk og kvitlauk og sånt. Når sausen er ferdig knekk ein so mange egg som ynskjeleg (1-2 per person) rett i sausen og lar dei posjera der. Servert med feta og hakka bladpersille er det rett i himmelrik!
På det neste biletet har eg skubba sausen til side og avdekkar den halvstivna eggeplomma.



Eg brukte i hovudsak oppskrifta frå Smitten Kitchen, men eg hadde raud paprika og ikkje grøn (og eg trur det blei finare og raudare. Eg likar ikkjo so godt kokt paprika heller, so det var best å ikkje kunne skilja den frå resten). Og so gløymde eg meg og hakka kvitlauken, men det tyder vel ikkje so mykje.

Eit enkelt søk på foodgawker gjer eit par resultat til, men skilnadane er ikkje so avgjerande. Og dessutan vart denne varianten eg laga (og som eg laga på ny ei veke seinare) så fabelaktig deilig at eg ikkje vil prøva anna uansett.

Grøda
Det aner meg at krydderet til venstre på dette biletet, pimenton picante har ein seriøs finger med i spelet for å gjere meg so hinsides lukkeleg av å eta dette enkle, men deilige måltid. No er boksen snart slutt, og det gruer eg meg til.

tirsdag 8. juni 2010

Two fat ladies



Det er berre FOR bra.

Eg har mange lenker til matbloggar eg elskar og rettar eg skal laga, eit kjøleskapshylle full av kokte kikerter på glas*, abonnement på familien som gjer meg gira og glad over retro-mat, eit tjuetals kokebøker**, masse bilete av mat eg har laga og ein matblogg eg ikkje heilt veit kva eg skal gjera med.

So eg lagar kotelettar med kikerter & Nigella-inspirert sennep og fløtesaus til middag, og kosar meg i hel med videoar på internettet. Eg kan nesten ikkje hugsa å ha sett Fat ladies på tv før, men eg skal sjå dei masse på dataen framover!
Baby, get prepared for the kedgeree!


*Men resten av kjøleskapet er tomt. Eg venter på skattepengar.
** som eg les på senga, men det er ofte dumt for då blir eg jo berre svolten og må stå opp for å eta noko att.

søndag 3. januar 2010

Past og laksaflaks

Det er jo typisk! Når ein no fyrst har laga seg ein matblogg, so burde ein jo skriva litt i den. Og ha fine bilete. Alle matbloggar med respekt for seg sjølv har fine bilete av maten - både arbeidet in progress, og av den ferdige retten lagt opp på fat og pynta. Hvis maten ikkje er særleg fotogen skal ein sjølvsagt kommentera og forklara om kor fantastisk den smakte.

Men so har eg ikkje noko eige kamera. Og so er eg ikkje noko flink til å ta bilete med H sitt kamera. Og i verste fall, so er ikkje kameraet med når me lagar noko som burde forevigast i bloggen.

I dag, til dømes, kom me heim frå spaserturen i snøværet akkurat i tide til middag. Me hadde teke to laksefiletar frå frysen, og no låg dei klare til steiking på benken. Me måtte berre ha tilbehør fyrst.

- Polenta med feta! Sa eg.
- Heimelaga pasta! sa H.

Det var ikkje noko feta i kjøleskapet, so då vann han. Pasta, ja. Det har me jo aldri laga før, so det gjer me no medan eg er so svolten at eg har lyst å eta laksen rå. Det var det eg tenkte, men eg sa det ikkje. Eg tok eit knekkebrød i staden.

So tok H:
5,5 dl kveitemjøl. Det la han i ein haug på benken, og laga ei grop i mjølet.
I gropa knakk han:
4 egg (Anna Bergenstrøm sa 3, men egga våre var veldig små)saman med
1/4 ts salt og
2 ss olje

So tok han ei tresleiv og jobba litt og litt mjøl frå haugen og inn i egga. Etter ei stund, når det var veldig deigete sa han at dette aldri kom til å gå bra, so han hadde i 1 ss vatn. Og so elta han. Etter 5 minutt tok eg over. H trudde framleis ikkje det kom til å gå bra, men etter at eg hadde elta i 5-10 minutt var deigen gul og fin, elastisk og mjuk og hadde i seg alt mjølet. Så elta H i 5 minutt til.

Etterpå skulle deigen kvila 1 time.

KJevla tynt, rulla samn, skar opp. Tørka over stolrygg, kokte i 4,5 minutt. Perfekt laks. Selleri, gulrot og lauk med basilikum, salt peppar og smør var digg. Pastaen var deilig til. FLAKS!