onsdag 14. desember 2011

14. desember

Kokebøker eg IKKJE ynskjer meg til jul: 

Til denne klissete, alt for søte epidemien frå USA har eg berre ein ting å sei, ein kommentar eg har lært av ei veldig kul dame som heiter Nina: 
GJE MEG EI BØTTA.
Det er faktisk knapt godt med slike cupcakes. Og kunne dei ikkje funne eit norskt namn i det minste? Eg slår eit slag for trøndersk i denne samanhengen:
koppkak!
Eg får ikkje lyst på boka uansett. Ikkje på koppkak heller. 

 "Åja, so du blei slank og fin av lavkarbo du då? Du slutta å eta ferdigmat og byrja å laga alt frå botnen av med ferske ingrediensar? Ja, det var vel smør og bacon som gjorde deg slank då ja."
Eg blir IKKJE frista! 

Eg har faktisk ikkje ord for kor forbanna og opprørt eg blir av denne boka. Den er rosa, dillete, inneheld store rosa, og dillete bilete til rosa, dillete oppskrifter. Trur eg då i alle fall, sjølv om eg no strengt tatt skodar hunden på håra, eller som det heiter på engelsk: judge the book by it`s cover. Men hallo. Det er ikkje det at eg unner jenter sine rosa prinsessedraumar, eg har hatt mine periodar med prinsesselengt, utkledning og prinsesseteikningar sjølv. Men det eg ser i dag er ikkje vaksne som lar dei små "prinsessene" få utfalde draumane sine - det er eit totalt fråvær av andre fargar, stilar, interesser! Det rosa prinsessehelvetet ser ut til å ha fullstendig hjernevaska ein heil generasjon av små jenter, og eg synes det er idiotisk.  "Kul mat for kule jenter"? Denne boka er ikkje kul, det er kjip einsretting. Dersom du skal kjøpe kokebøker til born, gutar eller jenter, sjekk heller ut Kjøkkenpatruljen av Margit Vea. Eg har ikkje opna den ein gong, men ved fyrste augekast ser ut som den faktisk bryr seg om å laga MAT som barn og vaksne kan eta i lag og ikkje berre om å vera kjip og rosa.


Til slutt: ei bok eg faktisk ynskjer meg. 
Den ser artig ut, og presenterer teknikkar og metodar på ein interessant måte. Denne boka trur eg faktisk eg kan læra litt av og ha det gøy med, i motsetning til ALLE DEI OVER. Drittbøker.

2 kommentarer:

  1. Har ei god kokebok som blir brukt ofte. Inneheld alt i frå basis mat til gode (og mindre gode) kaker. Ingen ekstra pynt, berre heilt enkle bilder som ikkje er pynta på.
    Boka har tom den fantastiske titelen; Allergikokeboken. Ikkje ein gang der pynta dei på det...
    Kos deg i kokebok jungelen!

    Klem

    SvarSlett
  2. Haha, det er jo slik det faktisk er! Det enkle, praktiske, er det som blir brukt. Eg skal sjå om eg finn ei fin ei som Johannesen kan bruka når han har lyst til å byrja å laga mat sjølv...:)

    Eg kom på ein ting eg heller ikkje ynskjer meg - og det er ei kokebok til av Eyvind Hellstrøm. Det fins so alt for mange i verda. Vel er han flink og kunnskapsrik, men eg orkar ikkje stilen.

    SvarSlett