tirsdag 30. august 2011

Matsnakk med Gjørans Gjørne

Gjøran kom på besøk, og hadde med ei spanande råvare som eg ikkje har prøvd før, sjølv om eg har lese mykje om den på internettet: Goji-bær. Smoothie-oppskrifta eg les opp fins her
Dette er fyrste gong i heile livet at eg har spelt inn & lagt ut ein video på nettet, og det kan godt hende det blir den siste. 

PS. Eg tek gjerne i mot EKTE råd om kva eg kan bruke goji-bæra til! Det ser ut som det er mest smoothies internetten foreslår. 

mandag 29. august 2011

Moqueca de peixe - fyrste forsøk

Då eg var 15 reiste eg til Salvador, Bahia, Brasil med CISV, ein ferie-utvekslingsorganisasjon for born og ungdom. Me var 8 norske og 8 brasilianske jenter i alderen 13-16, og det var 5 veker med intens vennskapsbygging, intrigemakeri, noko turistaktige opplevingar og innsikt i heilt vanleg øvre middelklasseliv i Brasil.


I går var eg litt høg på livet då eg skulle legga meg, og i staden for å sovna låg eg berre og tenkte på Brasil, og då særleg den brasilianske maten. Sære ting, som heile, friterte små krabbar (som eg trur heitte siri) og ein sjømatsalat med små tentaklar som gjorde meg skeptisk. Tunge ting som feijoada eller acaraje, der det fyrste er ulike typar kjøt og bønner og det andre er friterete bønne- og rekebollar. Eller farofa som eg sølte ned i utringinga på julaften. Heldigvis er det berre eit tørt, noko grovkorna mjøl - so eg reiste meg berre diskret opp og rista det ned på bakken, heile vegen inni kjolen (me var ute).

Og so var det ikkje minst søte ting! Som brigadeiro, deilige sjokoladetrøflar. Eller is i alle typar.  Men det aller beste brasilianske matminnet er uansett dette: Moden, saftig og søt mango rett frå treet, på bassengkanten i hagen til Luiza.

Bloglovin

Follow my blog with Bloglovin

Etter oppmoding frå Marte kan du no elska meg på bloglovin.

søndag 28. august 2011

Er det mat berre det er nok Jarls?

Festen blei ganske lang, so eg overnatta på sofaen til min gode kameratar Roar, Geir og Gjøran.* Det er veldig kjekt å vere på besøk her, for gutta er gjestfrie og morosame, og har ei triveleg stove med 3 sofaer og eit multimediesenter med ein gigantisk tv i sentrum.

Eg fekk låna slayer-trøye og joggebukse, og sidan fekk eg ein cola.** Joggebukse og cola foran fotballkampar på tv er ganske langt unna min vanlege stil, men det kan høve godt på ein sundag som denne. Generelt sett har nok gutta og eg ein del ulike interesser i livet, og når det kjem til matstell er eg ikkje særleg imponert over spesielt Gjøran. Men, det var han eg kjende fyrst, og soleis er eg mest hans gjest, og det er hans mat eg skulle få ***ta del i til det kombinerte frukost/føremiddagsmat/middags-måltidet i tre-tida. Medan han kokkelerte las eg aftenpostenquiz til oss, og sidan Gjøran er ein sucker for ferdigrettar varte dei to, kokkeleringa og quizen altså, omlag like lenge.

Og so kunne me trekka oss tilbake til sofaene, setje fatet i fanget og nyte ein solid porsjon
I utgangspunktet tenkte eg å koma med ei nøye vurdering av retten, men samtalen som fulgte i stova var so festleg at eg heller gjev den nokså ordrett att her, som eit lite stykke dramatikk du kan velge å framføre sjølv, eller med to kameratar. Hugs då på at stemninga var gemyttleg og kameratsleg sjølv om orda kan fortona seg som noko krasse.

mandag 22. august 2011

Å tenka på pai

Internettet fungerer ofte som ei assosiasjonsrekke. Eg finn ein tekst, eit innlegg, eit tips, og det fører meg vidare. Assosiasjonsrekka eg skal skriva om i dag går frå foodgawker.com til Elissa som er har den søte, hjartelege bakebloggen 17andbaking - og som saman med eit par andre unge matbloggarar har laga the kitchen generation, ei noko meir overordna side om mat og blogging.

Og det var der, hjå kjøkengenerasjonen, at eg fann posten om kva mat- eller måltidsrelaterte scene frå film eller serie som har gjort størst inntrykk. Det er fleire filmar som går att i kommentarane til posten, blant anna Ratatouille og Tortilla Soup som eg ikkje har sett, og Julie & Julia og Waitress som eg har sett, og likte. J&J likar eg veldig godt, men best scenene med Meryl Streep. Favorittscena mi er kanskje når ho nett har kome til Paris, og får servert noko deilig fisk. Då let ho att auga, trekk inn lukten av maten og stønner fornøgd: "Butter!". DET er matglede eg kan lika! Er ikkje det alltid ein slik reaksjon folk skal få av å smaka på noko deilig?

Likevel er favorittscena mi frå ein heilt annan stad, faktisk same stad som Tessa frå kjøkengenerasjonen: Episode 6 i fyrste sesong av True Blood, der Sookie kjem heim frå gravferda til bestemor si, og der ho et opp ein heil pekanpai aleine, grinande. Eg klarer ikkje slutte å tenkepå den scena, stadig vekk dukker det opp. Det er nok delvis fordi eg har tilbrakt store delar av sommaren i True Blood-universet med å pløye gjennom 11 bøker og 3 sesongar, men også fordi eg er merkelege tiltrukke av mattradisjonane frå dei sydlege sambandsstatane.

So no er eg besett av tanken på å laga pekanpai. Eg har søkt det opp på foodgawker og internetten for å finna ein pai som ser like karamelldeilig ut som den Sookie et. Eg fann nokon som tydelegvis har tatt True Blood-interessa eit hakk lenger enn meg, og har ein TB-blogg med ei paioppskrift, men eg har likevel større tru på denne paien her.

Eg gler meg til å setja i gong, men eg trur det må vere til ein anledning. Eit middagsbesøk kanskje? Med noko americano-inspirert til hovudrett, når hausten har teke tak og det er kaldt og rått ute?

søndag 21. august 2011

Tørk tårene, kjære lauk!


Tomaten henger i solen
og tenker fornøyd som så:
Stappfull av vitaminer
gleder jeg store og små.

Men løken ligger i kjelleren
og grubler stumt på sin gåte:
Hva kan det være i vegen med meg
som bare får folk til å gråte?

Inger Hagerup



Tørk tårene, kjære lauk, for det er ingenting i vegen med deg! Ingenting i det heile tatt.

Lauk er sunt, billig og ikkje minst veldig godt. I alle fall når den blir blanka og steikt på lav varme i lang, lang tid, til den har blitt karamellisert og mjuk og eit heilt vidunderleg tilbehør til foreksempel steikt fisk. Eller som fransk lauksuppe. Eller laukpai.

søndag 14. august 2011

Søndag? Svigermors solo-pasta!

Etter ein fantastisk fest på eit gårdstun, komplett med nattmat, underhaldning og ein vidunderleg soloppgong i 5-tida er det greit med noko enkelt og kjapt. Og godt.







Svigermor laga denne tunfiskpastaen ein gong me begge var gressenker, og eg var innom på besøk. Ho fortalde at ho pleier å laga seg dette når ho skal laga middag til kun seg sjølv, difor overskrifta, men då med halv mengde. Sjølv halvert vert det ein solid porsjon til eit menneske - men det er innmari godt, og eg fekk kål på heile greia, godt hjulpe av bakfylleulven eg gøymer i magen etter slike festar.

torsdag 4. august 2011

Sommar og sitrus - Del 3: Produktplassering

Serien "Sommar og sitrus" kunne nesten ha heitt "sommar, sitrus og Nigella", for del 3 var tenkt å vera enno ei oppskrift frå henne: Sitronkylling. Innlegget skulle også kome for lenge sidan, men liva våras og landet våras har ikkje vore slik at eg har hatt lyst til blogga om mat dei siste vekene.
Eg har laga mat og ete mat og kost meg med mat saman med gode vener og familie men eg hadde ikkje lyst å blogga om mat.
Det har vore veker for større tankar, viktigare ord.

Misforstå meg rett, eg meiner ikkje at mat er uviktig i tunge tider. Tvert imot!
Etter å vakna til det grusomme, grusomme talet som lyste frå nyheitsbandet nederst på skjermen laurdag 23.07, for so å tilbringa timar foran tv og dataskjerm, stadig trykkande på "oppdater" - då var det godt å gå på kjøkenet og laga den før omtalte sitronkako.
Det var som terapi då.
Radioen stod på i bakgrunnen medan eg slo saman egg og sukker. Samtalane utover dagen dreide seg stadig austover, mot Oslo, mot Utøya. Men me var saman, me var trygge, og ingen me kjende..... eg orkar ikkje skriva setninga ut.


MEN! Det var ikkje ambivalensen i spennet mellom takksemd for det eg har og medkjensle for dei som brått manglar eg skulle skriva om!
Eg skulle jo skriva om sommar og sitrus -

Og hoppsann! Dette er jo heller ikkje sitrus! Dette er jo ein spekematsalat med mozzarella og pinjekjerner. Men den passar inn i posten likevel, i sin enkle sommarfriskheit. Og so vart den servert i går kveld, då eg var hjå svigermor sidan me begge skulle vere aleine heime og ikkje syntes det var so veldig triveleg.


Men sitrus, ja! Her kjem den, i form av fruktsalat med både synleg og snikande sitrus:

Og det er den snikande sitrusen som er produktplassering. Svigermor si andre svigerdotter har vore på handel i hovudstaden, og hadde med seg eit par lekre flasker frå Oliviers & co: Olivenolje med sitron og eple-eddik (apple condiment). Ei spiseskei av kvar, mixa saman, vart altså den friskaste og smuudaste og deiligaste fruktsalatdressing eg har smakt.


Olivenolje med sitron! Eg er over meg av begeistring, og ikkje so aldeles lite skuffa over at O&co ikkje har utsal i trondheim. Eg kan vurdera postordre - eller få nokon som skal nordover til å ta med ein liten dunk til meg. For dette er eit produket eg ynskjer til skapet!