fredag 28. desember 2012

Ting

Eg blir heilt matt av dagens tv-nyheiter, som fokuserer mest på at folk er ute og byter julapakkane sine i dag. Det fins so vanvittig mange TING i verda, og alt for mange folk som vil bruka alt for mykje pengar på det. Jula altså! Eg elskar jula, men alt før og etter driver meg nesten til zen-buddhisme.

Dette er eit blogginnlegg eg har tenkt på lenge, men gløymd av før eg såg dei slitsomme handle/byte-nyheitene i dag. For fleire veker sidan fekk me nemleg byavisa i posten, ei avis ein får sjølv om ein har neitakk til reklame-skilt sidan dei har redaksjonelt innhald. Og byavisa finansierers tydelegvis med kilovis med innstikk - reklame, reklame, reklame. Eit av desse innstikka som kom i slutten av november kom frå ein kjend butikk for kjøkkenutstyr, eller som dei sjølv seier "spesialbutikken for matglede", og sidan eg er jamnt over interessert i både kjøkenutstyr og matglede unnslapp nett dette heftet papirinnsamlinga.

Rett nok fins det ein del fine og nyttige ting, mange av dei kunne eg godt hatt sjølv om eg hadde skapplass, men mest av alt blir eg sliten av kor mange TING det går an å eiga. Mange av dei er so vilt spesifiserte at dei grenser mot kuriositetar. Difor følger her:

EI LITA LISTE OVER TING SOM KUN HAR EIT FORMÅL, OG DIFOR EIN LETTARE MEININGSLAUS EKSISTENS  ELLER ANDRE KJØKENGREIER SOM EG FAKTISK HADDE BLITT LITT SUR OM EG FEKK

  • Eggform. Ja - silikonformer som former egga som eit hjarte.
  • Eggkokar - plastsak egga kan ligga i medan dei kokar.
  • Egg-separator (prøv heller dette!)
  • Eggsaks 
  • Spaghettimålar
  • Bifflodd (?)
  • Sushi-ruller
  • Hamburger-presser
  • Avokado-, jordbær-, sopp-, tomat- og løk-delar. Ein til kvar der altså.
  • Popcake-jern
  • Pannekake-jern
  • Bobleindikator til åpna champagneflaske
  • Champagnesabel
  • Karaffel-tørkestativ


Til slutt, eit par ting som berre har eit formål men som eg likevel kunne tenkt meg sjølv om eg veit at eg ikkje har skapplass og dessutan lever heilt fint utan (men det hadde vore kjekt i blant):
  • fondue-sett 
  • bambus-steamer

søndag 16. desember 2012

eit spørsmål om mål


Svigermor har ei flott oppskrift på ingefærøl i boka ho har hatt sidan ho var lita, men me har litt problemer med å tyda mengdene:

Ingefærøl

10 l vatn
1 kg sukker
15 øre gjær
15 øre nellikspiker
30 øre heil ingefær

Er det nokon som har eit tips til kva øres-mengda på nellikspiker var i 1964?


søndag 9. desember 2012

søndag

dagene styrter avsted som ville hester over alle hauger
charles bukowski


Det går i eitt med kvardagar, dei kalde klare, dei gørre grå, dei late, dei som er fylte med folk og fest og mat. Det går i eitt med lesing på bussen, timelisteføring, arrangering, møter, knekkebrød med makrell i tomat i lunsjen. Og no er det byrja med julabord, no er det tid for å få i stand alle dei planlagte treffa og middagsbesøka og lefsebakinga og pepperkakehusbakinga og me må jo få møttes før jul!

Det er heilt greit med kvardagar og. Men i dag stod me opp so seint som me villa, drikk kaffi og slappar av i sofaen, ser på tv-serie og ute er det kaldt, so me går ikkje tur likevel. 

Me står ved sida av kvarandre med kvart vårt skjærebrett og kvar vår kniv. Pastavatnet er satt på kok, der skal spaghettien få bli al dente. Det er grønnkål i frysen, eg tar den opp og riv frå kvarandre i passelege bitar. Grønnkål blir litt som papir når den er frosen, den blir ikkje seig før den får tint litt. So hakkar eg kvitlauk. Henning drar skinnet av nokre pølser, røykte kjøttpølser av den billige og berre passeleg gode typen. 

Når pastaen har kokt heller med den i dørslag og renne av. I den varme kjelen smelter me litt smør og lar kvitlauken surra litt. So har eg i kålen og lar den falla litt saman og bli litt mør. Har i matfløyte, og heller tilbake pastaen. Henning steiker pølsene og på slutten av steikinga heller han over litt sweet chili og sriracha-sausar. Då blir dei klissete, nesten karamelliserte, og det blir eit lite helvete å få panna rein, men det går bra. 

So er det middag i sofaen, slapp søndag, og i kveld skal me til byn og sjå James Bond.

fredag 9. november 2012

Anbefaling: Terteskjell, dandasje og latterkrampe

All mat kommer fra Ungarn av Petter Schjerven er altså så fabelaktig at eg ikkje kan få anbefalt den nok for alle som er glad i mat og kokebøker og andre bøker om mat. Dette er ein blanding av dei to. Visst kan den brukast som kokebok, men den er kanskje best som underhaldning.

Det einaste eg ikkje er superbeistra for er den corny Ungarn-hypotesen. Det løyser eg ved å hoppa over dei sidene som går djupast inn i den tematikken, og fokuserer på Schjervensen og andre mat-personar sine fantastiske barndomshistorier og andre minner.

Eg les denne perla av ei bok på sengekanten, og har fått seriøs latterkrampe ved tre tilfelle: formuleringa "la oss forgifte maten nu før jul", tanken på lutefiskbuffet på veikro og ikkje minst: historia om germknödel frå austerrike.
For den som synes det er festlig og artig å lesa i gamle kokebøker er dette ein skatt. For den som er interessert i den nærare mathistoria vår er dette ein skatt. Eg håper denne boka vil ligge under mange juletre i år, og at den fører til ei oppsving i salet av terteskjell og dandasje.
Takk for boka, Petter Schjerven!

lørdag 3. november 2012

Introducing: HAI


"Har du smakt hai?" spurde eg ein av dei andre barske nordlendingane som jobbar i Ravnkloa.

Eg var der for å kjøpa flyndrer til fredagsmiddagen, men medan ein av dei barske, hyggelege nordlendingane førebudde flyndrene til meg lot eg blikket fara over utvalget i fiskedisken.
Og der låg den oppskårne haien, med finnen dandert til pynt.
HAI!
I utgongspunktet var eg litt skeptisk til hai, sjølv om eg ikkje hadde nokon spesiell grunn til det (utanom historier om islandsk rak-hai), og etter forsikringar frå begge dei barske nordlendingane fekk dette bleikrosa stykket rovfisk fekk bli med heim.


Litt skeptisk, mest nyfiken

Etter anvisning frå nordlendingane steikte eg haien fyrst i panna, og sidan i omn på 180 grader i underkant av 10 minutt. Den måtte for all del ikkje bli gjennomsteikt sa dei, so det unngjekk me. 

Diverre fekk eg ikkje noko godt bilete av den ferdigsteike haien, berre dette oversiktsbiletet av mix & match-fiskerest-tallerkenen som utgjorde laurdagsmiddag:

Sitronbåt, hai, steikt brosmebit med ravnkloas fiskekrydder, og dolmades inspirert pakke av spinataktig grønnsak frå fruktkorga, fylt med flyndrerest og hakka kvitlauk & bladpersille med sitron, salt og pepper.  Restar av ertepure, liten dæsj ramslaukpure, ris&villris.

I tillegg til eksperimenteringa med haien var måltidet basert på restar frå dagen før -  og alt i alt vart det eit fortreffeleg måltid. Flyndrepakkane og haien spelte hovudroller. Det var litt som måten skodespelardebutantar tidvis speler fletta av etablerte folk. Fy flate so bra fisk haien er! Den minnar om tunfisk i konsistens og samk, men er likevel heilt annleis. Litt mjukare, litt saftigare, litt syrlegare kanskje? Uansett var det ein hit.

Moralen er: Får du kloa i litt hai treng du ikkje tvila. Kjøp han, ta han med heim. Et han. 



PS. Denne vitsen fortalde onkel Ove til meg då eg var lita:

Ein hai kom svømmande bortover havbotnen. Då møtte han litt sand. 
"hai, hai!" ropte sanden. 
"heisann!" svarte haien. 



søndag 23. september 2012

Søte, bløte

Det veks stikkelsbærbuskar på to stader på tunet der eg bur. Den eine står like ved innkøyrselen, men bæra som vaks på den fekk ingen menneske nyta. Like før bæra var modne kom ein stareflokk, og svosj - det var ikkje eit bær att på busken.

Den andre busken hadde eg fullstendig gløymd, den står gøymd mellom viltveksande buskar, ugras og eit stakkars ungt epletre som ligg bøygd under vekta av sine eigne frukt. Den busken hadde verken staren eller eg lagt merke til. Der hadde mengder av store stikkelsbær fått henga i fred - faktisk so lenge at fleire av dei hadde byrja å råtne på kvisten.

Eg ville laga kompott av bæra eg plukka i kveld. Kompott, eller frukgraut (kva er skilnaden?) er jo nesten som å eta syltetøy med skei, det er jo fantastisk at det er lov. 

Stikkelsbær med hylleblom

500 gram stikkelsbær, reinsa
1 dl hylleblomsaft 
1-2 dl vatn
Sukker
2 ts potetmjøl, 1 dl vatn

Ha bær, saft og vatn i ein kjele. Kok opp og la småkoka forsiktig til nokre av bæra har gått i oppløysing, men kort nok til at det er nokre heile bær att - av estetiske hensyn. 

Ha i sukker etter smak. Er hylleblomsafta di søt frå før treng du nok mindre sukker. 
Det enormt stor skilnad på hylleblomsafta frå IKEA og den eg kjøpte på Gotland i august. Den siste er mindre søt, tjukkare og meir intens på smak. Og eigentleg mykje betre. 

Når bland potetmjøl ut i vatn og hell i ein tynn stråle medan du rører litt forsiktig. Kunsten er å balansera mellom å unngå at bæra blir øydelagde, og samstundes som ein unngår geleklumpar.

Ha på glas (ÅH! Den tilfredsstillande lyden av eit glas som poppar når det forsegler seg!) og spar til seinare, eller la tjukne og kjølne og server når du er klar. 

Stikkelsbær er so vakre og gode! Spenstig, stramt skinn, mjukt og søtt indre. For ikkje å snakka om kor flotte dei er i motlys - lysande klodar på greina. Det ser ut som dei lyser av seg sjølv.  Og so den ekstra spaninga med dei kvasse tornene då. Det er berre på sin plass å sitera Inger Hagerup. 

“Søte bløte stikkelsbær. 
Hvorfor vokser du på så sinte trær? 
Hvorfor kan du ikke neste vår, 
vokse på en eplegren?
 Sånn at jeg kan få plukket deg,
 uten å få stukket meg!”



torsdag 20. september 2012

I just KÅL to say...

I love you.







Grønnkål er stor og kraftig og vakker. Tidvis litt grov, men riktig behandla er det deilig, deilig.

For ei tid sidan såg eg denne interessante saken med forfattarar sine oppskriftstips, og merksemda mi vart fyrst tend ved Jonathan Franzen sin enkle, kjekke rett: Pasta med grønkål.  Eg ler av introduksjonen  oppskrifta har fått:


 We want to make fun of Jonathan Franzen for calling this garlicky pasta “handsome,” “private,” “erotic” and “virtuous,” but we want to eat it so much that we can’t quite bring ourselves to give him any lip.

Det er noko corny med orda han brukar for å skildra retten sin, den gode mannen. Men middag som er enkel å laga, billeg og sunn er alltid velkomen i min heim. Og særleg enkle, men deilige forslag til å bruka favorittingrediensar som eg ikkje har prøvd ut i so mange oppskrifter før.

Me gjorde eit par endringar då. Det eine er safransoljen eg kjøpte på ferietur til Gotland i august. Og det andre er akkurat det Franzen kallar vanhelligelse: me reiv parmesan over. Me har no heller aldri vore so opptatt av det heilage.

Pasta med grønkål, på enklaste vis.


  • Riv passelege bitar av grønkålen, ikkje ta med grov stilk. 
  • Kok pasta, fx spaghetti i salta vatn.
  • Hakk kvitlauk fint, steik den i olivenolje til den lukter deilig og er litt brun. Pass på at den ikkje blir brent! Brent kvitlauk er gresseleg. 
  • Hell pastaen over i dørslag, ta av litt pastavatn til neste punkt.
  • Damp kålen i litt av vatnet til den fell saman og blir mør. 
  • Bland kål, pasta og olje med kvitlauk, kverne litt pepper over. Hell også over litt safranolje hvis du har, i tilfelle du og har vore på gotland eller noko.
  • Server med parmesan om du er rampete, utan dersom du er tru mot skrifta. 

tirsdag 31. juli 2012

innom for å vatna blomane

Sommaren med dei store grytene går snart mot haust og kvardag.
Verdas finaste fyr har fyrste dag i vaksenjobb i morgon, eg har jobba i heile sommar. Det har regna stadig, me har ikkje vore på langferie, me skal ikkje reisa nokon stad. Men det går bra, det har vore ein fantastisk innhaldsrik sommar likevel, høg på god mat, gode folk og kjekke opplevingar. Festival og bursdag.

Og i dag kjøpte eg billettar for å dra hit. OI! Det var heilt spontant, og eg kunne ikkje gjort det hadde eg ikkje nett hatt bursdag og fått masse pengar. Eg har spanderbuksene på, Henning skal få vere med.

Pappa har sagt at det som ein ikkje har med seg i hovudet eller magen er ikkje verdt å ha med seg etter ferien. Eg ser den, høyner med minnekortet på fotoapparatet - og lurer på om torsdagen kjem til å føya seg inn i rekka av fantastiske rettar og opplevingar frå sommaren 2012.

Take it away, gutar. Eg er klar! 


mandag 16. juli 2012

Verdensteatrets Magiske Dunderhonning

Operasongarar, repetitør og instruktør kjem sigande inn frå låven klokka 22. Det same gjer arkitekt og byggesvein frå skogen, der badstova no er panelkledd og snart klar for å bli  inntatt av Hjorth og andre festivaldyr.

Og då står me klare på kjøkenet, operalysmeister Eirik og eg.






 Eg har laga vaflar og Eirik har kokt Verdensteatrets Magiske Dunderhonning. Flott namn? Flott drikk! 






Prinsippet bak magien er ganske enkelt. Du tek ganske enkelt to ingrediensar som ein i utgongspunktet ikkje trur har noko med kvarandre å gjere, og so gjer du noko heilt uventa med dei.
I dette tilfellet: Hell 1,5 liter cocacola i ei gryte. Skrell og del ei ingefærrot i store bitar og ha oppi brusen. Kok. Dess lenger det kokar, dess betre seier Eirik. Server varmt. 

Dette har Verdensteateret visstnok lært i Kina, mest truleg av ein vis mann. Drikken er søt og sterk, og alle operasongarane syntes det kjentes ut som den er veldig god for stemma.

Ein annan vis mann skreiv ein gong at katten er varast i garden. Katten her heiter Arne Næss, og eg er jammen ikkje heilt sikker på om han har blitt særleg var enno. Førebels er han ein leiken, pubertal kar, som jakter på føtene våre under bordet og likar seg best der det er nokon han kan leikebita i fingrane eller gå i vegen for på anna vis. 

  

Fisk til ein skokk!

Mesteparten av tida er Loddgarden i Melhus ein ganske vanleg, roleg gard i Melhus. Men ikkje no! No er det snart festivaltider, og det kjem stadig fleire til I dag kom eit lite lass orkestermusikantar også, i tillegg operasongararane, teknikararane, frivillige sjauarar, badstubyggarar og fleire til - so i dag var me ikkje mindre enn 18 til bords. Det er festivalforpleining, det!
Gislaug har tatt frisørbuksa på. 

Det var ei lita stund i dag tidleg, då det gjekk opp for meg akkurat kor mange eg skulle laga middag til, at eg kjente eit snev av stress. Men det enkle er ofte det beste, so eg tenkte langpanna og eg tenkte lauk, paprika, fisk og tomatsaus. Heldigvis var Henningen med og handla so me var to hovud som tenkte ut fiskemengda. Og då vart det gjort.



Loddgardens fiskemiddag for festivalfolk
til ca 20 personar.
  • 8 lauk
  • 7 paprika
  • 4 pk frossen torsk a 900 gram
  • 6 boksar hakka tomater
  • Laupstikke frå hagen
  • Salt, pepper, og krydderet som er for handa

Legg fisken i botn av 2 langpanner.
Del lauk i båtar og paprika i strimlar, og fordel utover.
Hakk opp laupstikke og dryss over, salte og pepre.
Hell over tomatboksar, tre i par langpanne.
Set i omn med varmlufta på, og ca 200 grader.
Det stod om lag ein time og eit kvarter, men fisken var frosen då eg sette det inni, so om filetane er tinte treng det nok mindre tid. 

Me hadde kokte poteter til, eg kokte 5 kg fine nypoteter, og det var rikeleg. Det var rømme til og, som gjorde seg utruleg godt. Særleg den eine rømmen, som det var rørt riven peparrot inn i! Sterkt og deilig, men litt for sterkt for dei som ikkje var førebudd på det, smilefjes. 

Langbordet har plass til tolv, so me åt i to omgangar. Det er ikkje ofte eg et middag medan ein strykekvartett øver i naborommet. Det  kallar eg taffelmusikk!


Alle blei mette, og dei sa det var godt utan at eg hadde spurd fyrst. Det tek eg som eit godt teikn!
Det er kjekt å ta utfordringa og oppdaga at eg kan, men eg trur ikkje eg skal satsa på å bli industrikokk med det fyrste. 

Ettermiddagskaffi for cellisten med festivalens flottaste namn: Ivan Valentin


Medbrakte, sjølvsådde kornblomar i kveldssola. 

onsdag 11. juli 2012

Festival, dugnadsmat og morgonstemning


Det er jammen ikkje ofte eg skriv poetiske beretningar om morgonstundene mine. Stort sett fordi dei er so sjeldne. Eller korte. 

Men når me vakna klokka 7 av at kattungen hoppa opp i senga mellom oss og maler so det høyres ut som ein middels motorbåt. Når utsikta ved kaffibordet er morgonlys over grøn åker.

Når festivalstemninga sakte siv inn i kvar krok på tunet i takt med at badstova reises ved fossen og operaen tek form på låven. Når gangen fylles opp av sko etter som fleir og fleir festivallagarar meir eller mindre flytter inn. 

Når Henningen og eg er fyrst til å stå opp i hovudhuset og rekk å førebu middagen (eg) og å setja ein brøddeig (han) medan me høyrer på Neil Young før dei andre står opp. 

Då er dagen i dag verdt å skriva om. Eg legg tilogmed ut ein liten video av den utruleg lekre lyden kyllingfiletar lagar når dei blir blanda med marinade. 



Eg legg ut oppskrifta på det eg har gjort so langt, sjølv om ingen har smakt på dette enno. I verste fall får eg sletta heile posten hvis det viser seg å vera heilt katastrofalt.

Dagens dugnadsmiddag: Kylling med persille, tabasco og pepperrot

Marinade:
  • Olje
  • Honnning
  • Sitronsaft
  • Tabasco
  • Riven peparrot
  • Persille (eg brukte tørka, men det var fordi det var det som stod her)
  • Krydder, fx kyllingkryddermix med pepper, paprika, koriander og sennepsfrø

Dette blanda eg saman. Eg laga i to rundar, ein bolle til grønsakene og ein til kyllingfileten. Det er ikkje lett å angje mengder men til kvar av rundane brukte eg omlag 2 ss kvar av honning, sitronsaft og riven peparrot, i tillegg til mange dæsjar tabasco (6-7 rist på flaska), krydder so det monar og olje til ynskt mengd. Dette piska eg godt saman med gaffel i bollen, slik at olja emulgerer med resten og det blir ein fin, heilskapleg marinade. So blanda eg det i to bollar med: 
  • 1 kg gulrøtter, vaska og kutta i stavar
  • 1 stort sellerirothovude, kutta i stavar
  • 2 kg kyllingfilet i store bitar
Dette skal serverast med saltbakt mandelpotet og kyllingsaus i 16-tida i dag. Sjølv er eg på jobb på den tida. Håper det blir godt for festivalfolket!

Plakaten er komme! Operainstruktør og festivalsjef er glade.








tirsdag 19. juni 2012

Middaglaging minutt for minutt - eit realitykonsept

Liveblogging! Noja, kanskje ikkje heilt, men det er i alle fall skrive undervegs. Klokka er 17.00, Henning er på veg heim og han har kjøpt steinbitfilet.

Eg har konsultert med kjøleskapet og internetten, og funne ut at eg skal steika den, moglegeins med pankosmular og i alle fall med masse krydder. So skal eg laga ein saus/stuing med sider, sennep og spinat. Og sitrontimian, sidan eg har ei stor plante eg knapt har brukt.

Men aller fyrst skal eg rydda kjøkenet dødsfort.

17.14. Okei, no er oppvaskmaskina tømt og fylt igjen, benken er rydda, og eg må berre tørka over benkeplata før eg går i gong med å reinsa spinat.






17.22. Henning er på bussen, og eg oppdagar at spinaten er frossen. Interessant.


17.32. Eg tok feil, Henning kom heim tidlegare enn eg trudde. Spinaten er ferdig reinsa, fiskefiletane er skylt og eg må ta stilling til kva eg skal gjere med resten av dei grøne på biletet eg tok pre-spinatrens.


17.35. Pepper, cayennepepper, paprika, køfteblanding og ein dæsj gurkemeie for the fun of it. Og panko-brødsmular. 

17.51
Broccoli, vårløk og spinat er surra i sennep og sider. Dei er møre og straks ferdige. Fisken derimot, som er steikt for kort på for lav varme sånn at pankosmulane kun er marinert i olje og ikkje blitt brune, treng å stå litt lenger i omnen før den er klar til å etast. 




18.00 No byrjer Dagsnytt 18. Eg er so svolten at eg er rastlaus. 

18.26 Takk for mat. Det var litt godt, men eg hadde ikkje hjartet heilt med då eg steikte fisken. Det tek eg sjølvkritikk for. No skal me drikka kaffi og høyra resten av Dagsnytt 18. 

Over og ut. 

mandag 18. juni 2012

Jordbærsalsa og hanenebb - bursdagsfiesta for to!

Jordbær til kjøt? JATAKK!

Verdas finaste fyr fylte år, og eg laga ein middag til han. Planen var å overraska han med noko enkelt men likevel besnærande deilig, og eg må ubeskjedent informera: Det klarte eg.

Måltidet var lettare inspirert av Frida, ein meksikansk restaurant i fjordgata der me åt for ikkje so lenge sidan. Der fekk me perfekt grilla kjøt med deilig tilbehør, blant anna Pico de Gallo (som betyr hanenebb, men som er ein frisk og deilig salsa med tomater, lauk og koriander) og ein jordbær- og habanerosalsa. Den siste var skuffande smaklaus, men eg var hekta på ideen. Eg søkte litt rundt omkring på internett og i "urtehagen", og kom fram til en suksessformel som står under.

Jordbær til kjøt kan kanskje verka litt rart, og eg har aldri tenkt på det før den nemnde salsaen kom på bordet. Men saman med Hanenebbsalsaen gjekk det heile opp i ei høgare eining når kjøtet er ein biff, fyrst bråsteikt på so høg varme som mogleg i grillpanna, og sidan berre varma so vidt i steikeomnen på 180 grader til den blir rosa som over. Men no føregrip eg. Fyrst må salsaane lagast, for dei treng å stå! Sidan steikte eg kjøtet og medan det stod i omnen steikte eg quesedillas i panna. Heile måltidet vart vanvittig dødsgodt, og eg skal laga jordbær-, mynte- og chilisalsa i heile sommar.






Jordbær- og chilisalsa
  • 1 korg jordbær
  • 1/2 - 1 chili. Kun motet set grenser her. 
  • ein neve mynteblad
  • ein litt mindre neve basilikum
  • ein dæsj olivenolje
  • safta av ein halv lime
  • nykverna pepper

Rens og del opp jordbær. Fjern frøa, og hakk chili. Strimle urtene. Bland alt, ha over litt olje. Smak til med lime og nykverna pepar. La stå ei før servering stund so smakane får sett seg!
Det er forresten ikkje sant at det kun er motet som set grenser for chilimengder. Ein vil jo helst kjenna jordbærsmaken og! Difor er det kanskje nok med ein halv chili, av den spisse lange, raude typen.



Pico de Gallo - Hanenebbsalsa
  • 4-5 tomater
  • 1/2 - 1 raudlauk
  • ei halv potte koriander
  • 1/2- 1 chili
  • safta av ein halv lime
  • pepar

Del tomatene og ta ut innmaten. Hvis ikkje kan det bli alt for mykje væske i salsaen. Kutt tomater og lauk i fine små terningar, hakk opp koriander og chili. Bland alt saman, press limen over, unngå steinar. Smak til med limesaft og pepar. La stå.

Mengdene i begge salsaane er forresten rettleiande. Det var omlag dette eg brukte, men det riktige er sjølvsagt å smaka seg fram.



Quesedillas

  • Legg ei lefsa i panna. Smør evt litt smør på den sida du legg ned hvis du vil vera litt ekstra dekadent. Dryss ost oppå.  Eg har grillpanne som eg lagar dei i, men det skulle gå bra i vanleg steikepanne og. 
  • Legg ei anna lefsa over osten. Trykk godt ned. Ha eventuelt smør på. 
  • Snu og steik den øverste og. Tid? Varme? Prøv deg fram. 
  • Skjær lefsene i trekantar i høveleg storleik. Repeter prosessen til du synes det er nok, eller til det er tomt for lefser og ost. 
  • Nam.

tirsdag 5. juni 2012

Ein liten kveldsrett

Eg elskar uttrykket "liten kveldsrett". Det står både her og der, men kanskje helst i gamle kokebøker? Eg bruker det i alle fall so ofte som eg kan. I går kveld laga eg ein slik liten kveldsrett.

Gojee.com er ei praktisk side på nettet. Der kan ein skrive inn ei ingrediens ein har lyst på (eller har i hus), og so kjem sida med flotte forslag i bilete og tekst. I går hadde eg nokre kamskjell, og då nettsida kom med forslag fall eg for dette:



Hakk opp eit kvitlauksfedd og blader frå nokre kvistar fersk rosmarin. Steik dei litt i olje til dei lukter deilig.

Ha i ein boks hakka tomater, og la sausen småkoka/bobla/syda til den blir tjukkare og smakane får sett seg. Smak til med salt og eventuelt sukker (eg bruker rosmarinsukker).


Tørk av kamskjella, salte og pepre dei. La dei ligga i sausen og bli kokt pittelitt. Ta dei ut, auk varmen og skubb sausen til side. Ha evt litt olje i den tomme delen, og steik kamskjella raskt. 


Me var berre litt svoltne, so me hadde ikkje noko til. I bloggen der eg fann oppskrifta (lenke over) serverte dei med quinoa.

Til og med GARNITYR!


Fjøsfestivalens Badstovesnute for Dugnadsfolk


En Suppe, kaldet paa Norsk Brændesnude

Det kokes en god sterk buljongsuppe med gulrøtter, persillerøtter og sellerirøtter skåret i terninger, noe syre og kjørvel og litt mel og smør. Denne suppen kokes inntil den er ferdig. I forveien har man kokte en utvannet røket oksekjøttpølse godt mør og skåret den i slike terninger som røttene sammen med noen tørkede epler skåret i strimler. Litt vineddik og sukker has på suppen. Når den nå har fått et opkkok, er den klar til anrettelse. 

For tida les eg eit praktverk av Henry Notaker, utgjeve i samband med OL i -94: Ganens Makt – Norsk
kokekunst og matkultur gjennom tusen år. Det er både artig og lærerikt. Eg har kome til 1850-talet, og so lang har det meste vore for kuriositetar å rekne, eller direkte traurig. Sild og velling? Kuriøst, men ikkje veldig freistande!

Boka inneheld mest fakta og historie, men også oppskrifter, sjølv om dei fleste er so lite detaljerte at dei er meir som antydande framgongsmåter å rekna. Og faktisk måtte eg lesa heilt fram til 1783 før eg fann ei oppskrift eg hadde lyst til å prøva, den over attgjevne Brændesnute, frå ei kokebok utgjeve i København av «spisemesteren ved St. Hans Hospital, Carl Müller. 

Den ville eg laga! Og eit passande høve baud seg raskt, då verdas finaste festival hadde dugnad kun eit par dagar seinare. Eit solid arbeidslag støypte fundament til badstova i fossen, og eg såg mitt snitt til å koka dei ei like solid dugnadssup til gjengen. 

Før kokinga gjorde eg litt research i andre kokebøker eg har for å samanlikna oppskrifter.  Henriette Schønberg Erken har kålrabi, potet og persille (ikkje -rot) i snuten sin. Tom Victor Gausdal har byggryn, neper og timian. Eg ville vera mest tru mot 1783- varianten, byta berre ut tørka eple med eit friskt eit, og hadde i øl sidan eg ikkje visste om buljongen eg hadde kunne kvalifiseras som «god». For 6 vaksne, herav 5 svoltne dugnadsarbeidarar og den siste ein berre litt svolten kokk vart det då slik:

Fjøsfestivalens Badstovesnute for Dugnadsfolk
7 mellomstore gulrøtter
1 sellerirotknoll
1 pk persillerot
3 ss smør
3 ss kveitemjøl
3,3 dl øl (ein liten boks), evt litt mindre
ca 2 dl vatn
2 stk vossakorv
1 eple
1 bunt frisk kjørvel



Eg byrja med å smelte smøret i ei stor gryte medan eg hakka opp røttene. Det er jo ofte eit poeng at slike grønsaksterningar skal vera so små og so like som mogleg - men det gidd ikkje eg. Eg forsøker å få dei omlag jamnstore so dei skal bli omlag like kokte, men det får då vera grenser på pirkearbeid! 

Røttene fekk surra i smøret, so dryssa eg mjølet over og rørte rundt so grønsakene vart dekt. 

Deretter hadde eg over ein liten boks øl og omlag 2 liter vatn og lot det småkoka til grønsakene vart møre. 

Pølsene skar eg i bitar og lot trekka med i omlag 20 minutt. Mot slutten skar eg eit eple i terningar  og hakka opp kjørvelbunten og rørte inn. 

Når so arbeidslaget kom frå skogen var suppa klar til servering, med flatbrød frå Rørosbakeriet og erterbrød til. Erterbrød har eg ikkje smaka før, men Henry Notaker skriv om det stadig vekk. Det er eit flatbrød baka på malte erter (ertemjøl). Ertesmaken er framtredande, og det gjekk på magisk vis utruleg godt saman med suppa! Gudbrandsdølen i selskapet var den einaste som hadde kjennskap til erterbrød frå før. 


Kjekke karar med breie ryggar. 
Eit godt, bondsk langbord.


Tilsmaking er viktig. Posering likæns.





tirsdag 29. mai 2012

4-ever pannekaker

Ein gong sat eg ved kjøkenbordet og skreiv i ei minnebok. Det var av den typen med ei lang rekke spørsmål ein skal fylla ut:
Personalia som namn, alder, adresse (= som før, opp ei trapp og inn ei dør*).
Interesser (lesing, vera med venner), Beste fag (norsk), verste fag (mate og gym), favorittmusikk (Ace of Base).......og ikkje minst: Yndlingsmat.

Eg hugsar heilt klart og tydeleg at eg sat ved kjøkenbordet og fylte inn ei slik bok. "Kosn stavast sjokolade" spurde eg pappa, som stod ved kjøkenbenken. Pappa svarte:
"sjokolade e ikkje mat".
Yoghurt kunne han hjelpa meg å stava då, so då blei svaret:

Yoghurt, spageti og pannekaker.

Pannekaker, denne røra av egg, mjølk og kveitemjøl, steikt, bretta i fire og lagt i den brune, eldfaste forma. Servert med blåbærsyltetøy, bacon eller sukker. Hjå Inga og Ragnhild hadde dei alltid ertesuppe før pannekakene, stort sett på tysdagar.

Det var vanskeleg då, men i dag ville det vore utruleg mykje vanskelegare å definera yndlingsmat på ei kort linja i ei minnebok. Det er vel gjerne derfor eg har laga matblogg?

Det hender framleis at me har pannekaker i klassisk stil til middag, altså blåbær og flesk. Men like ofte er dei laga etter slumpemetode og fylt med det som fantes i skapet nett då, gjerne som resultat av at middagskreativitetn er lik null. Som her om dagen, då fylte eg dei med ajvar, pesto og spinat, la dobbelt og gratinerte litt i omnen. Enkelt og godt. Og relativt kjapt. Hugs at tida går fortare om ein har eit radioprogram som selskap!


Forslag til pannekakefyll
  • ajvar (paprikasaus)
  • tomatsaus
  • pesto (fx heimelaga med brennenesle som her til høgre)
  • spinat, forvella eller stekt, gjerne med kvitlauk
  • bitar av skinke, fårepølse, anna kjøttpålegg hvis ein absolutt treng noko kjøt
  • ost sjølvsagt. All ost som er god smelta er god. Både inni og over. 
  • hummus
  • sopp, gjerne litt steikt på førehand
Og ikkje minst:

  • RESTAR! Nesten alt av middagsrestar, gryter, fisk , kjøt og grønsaker passer inn i pannekaker.  Ein må berre bruka litt skjønn og tenka på kva ein sjølv likar. Kokte poteter? Åjadda! Kokte grønsaker som er litt kjipe? Hakk dei opp, krydre godt, klæss i litt feta og pakk inn i pannekakene. Supperest? Hvis den er tjukk nok - kjør på. 

For variasjonar i røra går det an å eksperimentera med mjøl. Sjølv er eg glad i byggmjøl, og synes at rug blir litt heftig. Regulere kor tjukk røra blir med vatn/mjølk og evt egg.  Stort sett lagar eg røre etter kast i hop-prinsippet, og det blir stort sett bra. Feigingar og perfeksjonistar kan sjå her




* Apropos adresse. Her var det mykje rom for kreativitet, då absolutt alle i minneboka hadde den same adressa: 5640 Eikelandsosen, eventuelt E.osen dersom det var liten plass. Eller "Fjord`n" på slang. Dette var trass alt 10 - 15 år før gatenamn og husnummer kom til bygda. 

lørdag 19. mai 2012

Rabarbra Anita

Har du rabarbra i hagen? I so fall er du heldig. Eg har ikkje, men heldigvis har eg tilgong -  i hagen til søstra mi og i hagen til naboen til søstra mi. Sistnemnde er ei gamal dame med fin hage og enorme rabarbrabuskar som ho ikkje plukker sjølv. Dette visste eg om, so eg mota meg opp og ringte på og spurde om eg kunne få ta eit par stilkar. Eg tilbydde også å koma tilbake med eit glas syltetøy eller noko, men det ville ho ikkje. Det viste seg at grunnen til at ho ikkje bruker rabarbraen sin lenger fordi ho ikkje toler so godt syra!



Då eg var 4 fekk eg ei kålhovedåkka, eller cabbage patch kid som dei heitte på originalspråket. Desse dokkene kom med namn, og mi bar det klingande namnet Barbara Anita. Barbara var ikkje noko namn eg kunne relatera meg til so dokka heiter den dag i dag (der ho ligg i ei øskja i kjellaren) Rabarbra Anita. Eg var glad i henne - men nok om Rabarbra i kjellaren og meir om rabarbra i smuldrepai. Til ære for skarre-r, ibsens ripsbusker og  den gamle dokka kallar eg den for:

Rabarbra Anita Rabarbrasmuldrepai


  • rundt 500 gram rababarbra - eg tok 4-5 stilkar. Det var omlag 400 gram og eg syntes det var litt i minste laget då paien var ferdig.
  • ein neve tørka blåbær, hakka hvis dei er store
  • 3-4 ss sukker
  • kaneldryss
Smør ei form, eg bruker ei vanleg, rektangulær eldfast form. Ha i rabarbra og blåbær, dryss over sukker og kanel, og vend nokre gongar. 


Smuldrelokk
  • 1 dl hakka hasselnøtter
  • 1 dl havregryn
  • 2-3 dl kveitmjøl
  • 100-120 gram smør
Bland alle ingrediensane, smuldre over forma.
Steik i 20-30 minutt. Server lunken, det er ikkje naudsynt med saus, men litt vaniljekesam eller -is treng ikkje gjere noko skade akkurat. 






Biprodukt av marengs

Dette innlegget følger opp det førre. For kva skal du gjera med dei 3 eggeplommene du får til overs etter du har laga marengs? Kjent problem. Men no kan du slutta å riva deg i håret!

Ordentligmat.no har svaret. Det vil seie - det fins sikkert mange andre svar og, men eg bruker berre dette:
Majones eller aioli på to minutt. Oppskrifta finn du her, og slik gjer du det: