tirsdag 10. januar 2012

Småsporven gjeng i tunet

"Berre gjer da" er slagordet til Puls-Yngvar i år. Eg trudde fyrst at da stod "berre gjer d", og blei litt flau når vaksne folk på sjølvsaste statskanalen synes det er greit å bruka sms-forkortingar skriftleg, men heldigvis tok eg feil. Og Puls-Yngvar er so sjarmerande at eg kunne sett mellom fingrane med da uansett. I går trente eg, hopp hurra og amen, men det tok lenger tid enn eg trudde å koma i gong att som frøken juksemat.

So difor berre gjer eg da. Byrjar å blogga 2012.
Og ikkje med det eg hadde tenkt, ein biletkavalkade over alt det gode som har stått på bordet i den søte juletid, ikkje med urtetips frå den vidunderlege Annemarta Borgen, ikkje med gryterett eller opp-ned-laukpai a la Nigella. Alt det der kjem. Trur eg.
Men i dag er det ikkje mine blodårer som skal få lida for feittet eg smeltar i gryta, og det er ikkje kaka som duftar vagt av kokos. Nei, eg byrjer med ei feit og fin freisting for våre fjærkledde kompisar i hagen.

I ein smørboks. 

Pris, smak, tidsbruk eller helse er ofte kriterie som speler inn når ein skal velga mellom å laga sjølv eller kjøpa ferdig. Når det gjeld feitt-basert fuglemat er eg jammen ikkje sikker på kva som er den motiverande drivkrafta (med mindre du som meg synes det er kult å laga fuglamat sjølv), men eg høyrde ornitolog Falkenberg, ja; ornitolog FALKENBERG, snakka om heimalaga fuglamat på radioen på søndag, og han sa at feittet i kjøpte meisebollar ofte er harskt. Då et ikkje fuglane det. Men heimalaga meisebollar går som varme kveitebrød.

Eller i ein bolle. Denne laga pappa i romjula.
Det er framleis kaldt mange stader i landet, i alle fall her i Trøndelag, men sjølv på det regnvåte vestlandet eg nyss forlot set småfuglane pris på litt heimelaga snacks. Ornitolog Falkenberg har ei oppskrift på ein helt enorm meisebolle som snarare burde heite meisebøtte her, men verken eg eller pappa brukte oppskrift.

Det eg gjorde var å smelta ein pakke Flott matfett (bra namn!) som dei har på vanlege butikkar. I ein bolle blanda eg havregryn, solsikkefrø (med skal - men ornitolog Falkenberg sa at for den som skal ha servering på verandaen sin kanskje vil velga dei utan skal sidan det då vert mindre gris på foringsplassen.), kokosflak, litt frukostblanding, hakka hasselnøtter.
Dette blanda eg godt saman før eg helte over det smelta fettet og blanda litt til. Noko av det hadde eg i smørboksen, som på biletet over. Noko hadde eg i ein bolle, slik som på det andre biletet, den pappa laga.

Alt mogleg kan gå i meisebollane, men ornitolog Falkenberg minner om å hakka opp nøtter, mandlar og anna som er i store bitar. Og so skal ikkje fuglane ha salt. Og so meiner eg å ha høyrd ein gong at ukokt ris sveller i magen, so det bør dei vel heller ikkje få då.

Eg tilrår å høyre denne i bakgrunnen medan du lagar meisebolle, so blir du like glad som fuglane når dei får den flotte maten sin.



PS. Den som ikkje har lyst å tenka på dei forsvarslause småfuglane, men heller vil trena kan lasta ned treningsplan a la Puls-Yngvar her. Berre gjer da.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar