mandag 5. desember 2011

5.desember

Til deg som har googla "lavkalori kake" for å koma til denne bloggen:
LOL.


Kva skal ein stakkar gjera då, når ein prøvde å laga sjokoladekrem med nellik (a la trøffelkrem), og den går til helvete? Seriøst, eg veit at eg har fått det til før, men nett no er eg veldig usikker på om, og i so fall; korleis, fløyte og sjokolade kan gå frå ein litt tjukk, men framleis heilt flytande saus til fast krem. Og eg har jo ein heil boks med småkjeks som berre venter på å parast opp med eit lekkert lag nelliksjokoladekrem i mellom! Dagens i-landsproblem.


Svaret er åbenbart når ein har ein kjærast som elskar sjokolade og som har budd i Spania før: Chocolate con Churros. Tanken på å drikka ein kopp kakao som består av berre fløyte og sjokolade er litt heftig. Men når ein kan dyppa friterte deig-krøllar oppi! Då blir det jo ein spansk tradisjon, og heilt logisk!


Herregud, for ein sjokolade-dekadanse. Er det eigentleg LOV? Det burde ikkje vore lov. Men det var innmari deilig.




Konseptet er enkelt:  ein deig som minnar om choux, kokt fransk deig som blir til vannbakkels eller eclairs eller noko slikt, dyppa i ein tjukk, varm sjokolade. I vårt tilfelle: mislukka trøffelkrem tilsatt malt nellik.
Det går sikkert an å googla eller søka på foodgawker etter ei meir autentisk sjokoladeoppskrift, men det var jo openberrt ikkje behovet vårt i kveld. Behovet. Som om nokon nokon gong har BEHOV for sånne insane menglder søtt og fett. Uansett, internetten er ganske sams med seg sjølv om korleis ein lagar churros, so eg kom fram til følgande oppskrift og framgongsmåte:

CHURROS
  • 50 gram smør
  • 1,5 dl vatn
  • 90 gram mjøl
  • 1,5 ss sukker
  • 1/4 ts bakepulver
  • litt salt
  • 2 egg
  • Olje til frityr
  • Melisdryss
  1. Ha smør og vatn i ei gryte med tjukk botn til smøret er smelta og det kokar.
  2. Bland alle tørre ingrediensar og ha alt oppi gryta. Rør fort saman med tresleiv, det går saman til ein klump nesten med ein gong. Jobb litt med klumpen over varmen i eit minutt eller så.
  3. Ha klumpen i ein bolle, og med visp inn egga (med mixmaster), eitt om gongen. Pass på at det blir godt blanda inn før det neste kjem i.
  4. Varm opp olje.
  5. Ha deigen inn i ein sprøytepose, og sprøyt "pølser" rett ned i oljen. Det kan vera lurt å klippa av enden når dei når ynskt lengd. Snu churrosen når den har poppa seg opp og blitt fin og brun på den eine sida. 
  6. La dei ferdige få renna av seg på kjøkenpapir.
  7. Dryss over melis (her er ei teklype eit godt tips!) og legg på fat.
  8. Dypp churros i sjokoladen.
  9. Kos deg, og prøv å ikkje tenke på synd og skam og kaloriar. 
(Forresten brukte me berre ca halve deigen. Resten la me inn i kjøleskapet att, so håper den står seg.)
HAHA! EG RAKK AKKURAT Å POSTA FØR DET BLEI NESTE DAG!

3 kommentarer:

  1. Beklager. Det gikk ikke an å legge ut bilder som kommentar, så sjekk innboksen din på fjesboken ;)

    SvarSlett
  2. Hva med å avkjøle sjokoladesausen og piske den med hurtigmikser? Vil ikke det gi en litt mer krem-konsistens?

    SvarSlett
  3. Ronja - fine bilete!

    Anonym - Dagens saus har stått i kjøleskapet over natta, og Henningen prøvde å piska den opp før me måtte resignera. Eg har ein mistanke om at det ikkje var varmt nok då eg laga den i går, og at sjokoladen ikkje smelta heilt eller noko sånt. I dag prøver eg igjen! Har satt ei ny skål med forhåpentlegvis-krem i kjøleskapet no.

    SvarSlett