torsdag 3. november 2011

Ratatouille a la Rottatouille







Sidan eg er ein treigas av ein matbloggar er det godt eg har lesarar som følger oppmodinga om å ynskja seg tekst til bileta. Gislaug har spurd om forma med squash, aubergine og paprika, og det skal ho straks få svaret på. Men aller fyrst: Sjå på denne handlinga!



Er det ikkje direkte SYNDIG?
Det var ei handlekorg med berre kjøt; kyllingfilet, indrefilet av svin og ein mørbrad av storfe, og ost; jarlsberg, cheddar, port salut og ridderost.

Og alt er til eit einaste måltid, nemleg vår eigen variant av den sveitsiske eller franske spesialiteten Raclette.

Bakgrunnen for gildet var at foreldra mine kom til byen. Då inviterte me syster mi og svigers på ein soiree med kjøt og ost i hovudsetet. Det er sjeldan me et raclette, særleg sidan det faktisk er svigermor og ikkje oss som eig eit raclette-jern, men det er ikkje so ofte ho tek seg bryet heller. Men no skulle den til pers!

Vanlegvis bruker svigermor å skjæra opp grønsaker som blant anna lauk, paprika og sopp som også kan grillast på racletten, men sidan me vart 7 til bords ville det teke tid og ikkje minst brukt opp plass der kjøt burde grillast, so eg tenkte at me burde ha nokre ferdig tilberedte grønsaker. Og inspirasjonen kom frå ein film. Ver merksam på spoiler-alert dersom du ikkje har sett filmen, men kan tenka deg å gjera det seinare:



For ein fabelaktig film! Og for ein freistande matrett! Eg forstod ganske umiddelbart at dette var det riktige grønsaksfølget til kjøt og ost-orgien på vår vesle soiree, og googlinga kunne starta. Ikkje overraskande var det hjå gode, gamle Debbie at eg fann inspirasjonen eg trong, og dette er det ho skreiv:
"I can`t believe how well this worked out. I also can`t believe I cooked a cartoon dish created by an imaginary rat. But I can believe I´ll be making this again tomorrow, because it`s delicious, seasonal, and an incredible cinch to make."
Eg veit ikkje heilt kva "cinch" betyr, men eg var overtydd likevel.  So her er oppskrifta på mi

Ratatouille a la Rottatouille og Debbie

1/2 lauk, finhakka
2 kvitlauksfedd, hakka
1 boks grovhakka tomater
2 ss tomatpure
1 ss olivenolje
1 aubergine
1 squash 
1 raud paprika
olivenolje
timian
salt og pepper
  • Set steikeomnen på 190 grader.
  • Mos tomatene med stavmixar, bland i tomatpure. 
  • Bland inn finhakka lauk og kvitlauk.
  • Hell alt dette i botnen av ei eldfast form. Det går forøvrig sikkert an å blende lauk og kvitlauk inn i sausen hvis ein vil ha ein smooth tomatsaus, men det trengs ikkje. 
  • Skjær alle grønsakene i fine ringar.
  • Legg grønsakene lagvis i ein flott spiral. Trikset for å oppnå det mest estetiske resultatet her er om grønsakene ein har funne er omlag like tjukke. Eg fann ikkje det, og hadde feit aubergine og feit paprika, men det gjekk bra likevel. Skvis grønsakene ned i sausen.
  • Dryss olivenolje, timian og salt og pepper over.
  • Set forma i omnen og la bake i 45 - 55 minutt, sjekk når det nærmer seg 45 minutt. Når grønsakene er møre og tomatsausen boblar opp over dei er det ferdig. 
Debbie gjer eit par ting eg ikkje gjorde, som å skjæra opp grønsakene på ein mandolin (kjøkenreiskapen, ikkje instrumentet) og å dekka forma med bakepapir. To sikkert nyttige tips, som likevel ikkje er heilt naudsynte. 

Raclettegildet vart ein formidabel suksess. Det kan vel knapt gå an å ta feil med ei slik mengde kjøt og ost, og ratatouillen var eit supert følge. For å sei det slik: Det vart spurd om oppskrift. 

Klar, ferdig....
Dig in!
PS. Hvis du vil lesa noko fint om filmen Rottatouille, so lika eg skikkeleg godt denne teksten frå NY Times

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar