Dette er ei melding av kokeboka SMALHANS, skrive av Gunda Djupvik. Eg synes eg bør nemna at eg har fått denne boka i posten av Samlaget, men eg kan lova dykk ein ting: Eg hadde skrive det same om eg hadde kjøpt ho for eigne pengar.
Dette er ei positiv bokmelding, og eg tek like godt konklusjonen fyrst:
For den som nett har byrja å interessere seg for å laga mat sjølv er denne boka PERFEKT, og ein solid, påliteleg og inspirerande port inn i kokebokverda. Eller for å sitera Gjøran: "Det høres ut som noe alle nye studenter burde få av mor i julegave."
Eg har, utan å vite at det er det ho heiter, fulgt Gunda Djupvik lenge, på bloggen Alt godt. Den observante blogglesar vil kanskje ha fått med at eg ved tidlegare høve har trekt fram dei saltsylta sitronene eg har i kjøleskapet? Dei laga eg etter oppskrift frå Alt godt. Eller Gunda då, som eg føler for å kalla henne, slik eg gjerne gjer når eg føler eit slags slektskap med folk. For det er meir enn det å skriva nynorsk eg føler at Gunda og eg har tilfelles!
Smalhans, med undertittel Sunn, god og rimeleg mat, og intensjonen vert presentert i innleiinga: "Eg vil gi deg tips om korleis du kan lage billig og smakfull mat på ein rask og enkel måte." Og det gjer ho.
Boka startar med nokre nyttige og interessante tekstkapittel om til dømes smarte innkjøpsstrategiar, haldbarheit på råvarer, eller korleis du kan redda mat som skjærer seg. Denne delen er informativ og lærerik, eg synes særleg tipsa om å kjøpa inn er nyttige.
Noko er ekte, retro og staut heimkunnskapsmat (fårikål, blautkake, graut, pølsegrateng), anna er meir moderne eller eksotisk (krema kikertsuppe, tabouleh, toscansk rispudding). Det er mat til både kvardags og fest, og det dei har til felles er at alle oppskriftene verkar drøye, praktiske, enkle og godt formidla.
Dette er vel tidspunktet då eg må innrømma at eg ikkje sjølv har laga nokon av rettane i boka, men sopass med matkunna har eg at eg med sikkerheit kan sei: dette er enkle og gode oppskrifter på gode, smakfulle rettar.
Smalhans er ikkje blank og fjong med utstudert fotografi og eksklusiv garnityr. Det er ingen luksuriøse kommentarar a ala ei kva som helst bok av Eyvind Hellstrøm, og du må heller ikkje lesa gjennom ei halv side personlege betraktningar før du kjem til oppskrifta a la Nigella (eller denne bloggen her for den del). I staden er boka oversiktleg og kjekk, med oppskrift på ei side og eit heilsides foto med retten i fokus på den motståande sida. Nett når det gjeld fotografia, so er det einaste eg har å utsetja på Smalhans at bileta får nokre av rettane til å sjå litt keisame ut, på ein "frå bollar til burritos"-måte.
Eg er veldig begeistra for Smalhans, det er noko av det mest jordnære og nyttige eg har sett av kokebøker på lang tid, og det utan å vere ein murstein slik den gode, gamle raud- eller blåruta er.
No nærmer det seg jul.
Og for den som kjenner ein slik ein som eg skisserte i konklusjonen heilt fyrst innlegget, eventuelt ein student eller kollektiv/hybelbuar som treng å læra seg å laga mat er dette den perfekte julegåva. (Og er du rask kan du faktisk få boka signert med personleg helsing!)
Her kan du lesa ei mindre ordrik melding av Smalhans, og her kan du bli betre kjend med Gunda. Eg gler meg til safte- og sylteboka hennar!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar