mandag 5. september 2011

Suppestas

 
Kjøkenbenksmassakre? Blod og gørr?
Nei! Stavmiksar-uhell, rødbetsuppe og søndagens turmat!

Eg har laga Borsch...borsj...borsht....RAUDBETSUPPA mange gonger før. Eg har tatt utgongspunkt i google-søk, tips frå andre eller ymse kokebøker, og brukt det eg har. Den inneheld alltid fersk rødbet, sidan dei sylta er noko heilt anna og vakumapakka er daffe og kjipe. Og so inneheld den alltid lauk. Ellers kan det vere kål, potet, gulrot og alt mogleg oppi. Det blir alltid godt, men denne gongen vart det verkeleg heilt spesielt bra! Det vart ein so fyldig og balansert smak at eg blei heilt paff då eg smaka på den.

"Sometimes the magic works, and sometimes it doesent" pleide klassestyraren min på dramalinja, vgs, å sei, og refererte til stemninga i elevgrupper. Det litt kleine uttrykket passer like godt på  matlaging, særleg når det er etter slumpemetoden slik eg praktiserer den, særleg på supper. Likevel skal eg forsøka å gjengje det eg gjorde, og håpa på at det blir like bra neste gong:

Oppskrift:

  • 2 små kepalauk, kutta opp
  • ein slump olje
  • 2-3 fedd kvitlauk
  • 1/2 ts karvefrø (som det er umogleg å støta i morter, eg prøvde)
  • nokre peparkorn
  • ei stor ss honning
  • 2 ganske store rødbeter, kutta opp i små terningar
  • Kål, finsnitta, omlag dobbel mengd av raudbetene.
  • 2 hønsebuljongterningar
  • 1 liter vatn
  • Og so, det smarte trikset: smak til med sitron. Her er eg ekstra heldig, og har saltsylta sitroner a la Altgodt. Men det kan vel gå bra med sitronsaft også. 
Og dette gjorde eg:
Varma opp oljen med karvefrø og peparkorn.  Lauken fekk frese og bli mjuk og blank saman med kvitlauk, so kom honningen, raudbetene og buljongterningane i. Dette freste eg til dei blei såg litt mjukare ut. Eg tok kålen i når det såg ut omlag som dette:

So hadde eg i omlag ein liter vatn, og lot det koke til raudbetene var møre. Deretter mosa eg heile greia med stavmiksar, smaka til med salt, pepar og sitron. Til slutt helte eg suppa over på termos. Det var då sølet i det fyrste biletet kom.

Raudbetsuppe kan med fordel serverast med godt brød,  rømmeklatt og sprøsteikte baconterningar oppå, men på Vassfjellet var den like god aleine.


Til slutt, eit par stemningsbilete frå turen; Digestive-kjeks (restar etter limekakelaging) og blåbær. Me plukka vel 3 dl blåbær, det var alt me orka og hadde boks til, so desse skal nytast! Sjå ikkje vekk frå at neste post handlar om blåbæra.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar