søndag 20. november 2011

Stress < Fest

Eg hadde lagt store planer for laurdagsmiddagen, men heilt gløymd å passa tida, og med eitt oppdaga eg at eg hadde i underkant av tre kvarter på å laga og eta middag før eg måtte ut av huset. Stress? 

Men so berre kokte me litt pasta, dampa litt brokkoli og steikte laks i ca 30 sekund på kvar side før me la alt på fat og helte salviesmør ove heile herligheiten - og på under 15 minutt hadde me ein heilt fantastisk, vidunderleg deilig middag. Fest!

Dagens laks: Salma.
Det er mange som hyllar Salma på same måte som Tor Tør hylla skodespelarinna med same namn i ungdomsbladet Topp på 90-talet, men alle er ikkje like einige i at det er verdens beste fisk. Sjå her til dømes, eit interessant blogginlegg som er kritisk til den enorme hypen.
Konklusjonen er likevel ikkje negativ, og sjølv vil eg trekka fram følgande gode sider ved frk. Salma: Når du har kjøpt eit stykke salma kan du vera heilt sikker på at du har kjøpt eit godt stykke fisk. Og har du dårleg tid slepp du å reinsa skinn og pilla bein, og du kan lika godt eta den rå som tilberedt. Eg likar den godt heilt rå når den skal vera sushi, eller som her: sovidt litt varma ytterst.


Salviesmør:

Smelt ei passe mengde smør etter kor mange som skal ete og kor mykje pasta det skal vere. Eg er jo einig med Arne Brimi i at "det einaste som er betre enn smør er meira smør", so eg tok omlag 40 gram og 15-20 ferske salvieblad. Hakk salvien med den praktiske teknikken chiffonade, der du ruller blada saman og hakker rullen opp slik at det blir lange, tynne bitar. Ha salvien i smøret og surr det på middels varme til smøret blir brunt og nøtteaktig, og salvieblada blir sprø og krympa. 

Konklusjon: 

For ein middagsrett! For ein festmat! 

Eg rakk jobb med fin margin, og vart likevel både mett og glad. Faktisk so mett at eg ikkje vart svolten att før ti-tida om kvelden. Og so var det slett ikkje so dyrt heller. La meg gjera eit forsøk på eit reknestykke der eg reknar grovt og omtrentleg:

Brokkolien kosta 9.90, og me brukte omlag halve: 5 kroner.
Salvieplanta kosta 30 kroner, og eg kan sei at me bruka omlag 1/3 av den: 10 kroner
Pastaen kosta 15 kroner, og me bruka vel om lag halve posen: 8 kroner
Salmalaks, eit stykke på omlag 300 gram: 60 kroner
Smør: gidd ikkje rekna ut, for eg hugsar ikkje kva smøret kosta. 

Tilsaman blir dette 93 kroner, som vil seia under 50 kroner per person. Og det er jo ikkje so verst!
Eg trur dette er den perfekte retten hvis ein skal invitera nokon på ein romantisk middag heim til seg. 

Kvar siste smule vart eten opp. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar