mandag 24. oktober 2011

Learn to love the bomb


I tergeposten der eg spurde lesarflokken om kva de ynskjer som neste post var Merete nyfiken på dette biletet, som eg no kan avsløra kva er: Det viser eit stadium frå prossessen det er å laga ei:
  ISBOMBA


Hvis du berre vil ha bilete og instruksjonar for å laga denne enkle, men spektaktulære desserten må du hoppa til botnen av teksten, men hvis du gidd å lesa litt  kan du byrja med å sjå for deg dette:

I eit koseleg lite samfunnshus har ein 60-årsjubilant invitert til feiring av den runde dagen. Familie og vener sit rundt dei rognebærkvistpynta borda som er stilt opp i hesteskoform. Det er allsang og festlege talar, det er god stemning og det er godt med ekte trøndersodd. 

Det er tid for dessert - og brått blir lyset slått av i salen. Inn togar dei innhyra servitørane, 4 i talet, og kvar held eit serveringsfat med ein kvit kuppel der det er plassert ein kakerakett. JOHO, kakefyrverkeri! Selskapet syng bursdagssongen medan rakettane brenn ut og dessertfata blir sett på bordet - ein spesialversjon foran jubilanten, dei andre tre utover borda. 

Ved den eine enden av hesteskoen sit ho som er sambuar med den mellomste sonen til jubilanten, og ho er ganske nervøs. 
Det er nemleg ho som fekk det ærefulle oppdraget å fiksa dessert til selskapet. Og ho valde ISBOMBA. 

I utgongspunktet gjekk ho laus på prosjektet utan frykt, men då det byrja å bli tid for desserten kom ein av servitørane snikande inn i salen og bort til dessertmakaren. "Me får ikkje desserten ut av formene!" Det var då nervøsiteten kom for alvor, og den ganske stressa ansvarlege sneik seg ut på kjøkenet.  Skulle alt gå ad undas no? Kunne ho nokon gong visa seg i denne familien igjen?
Heldigvis skulle det ikkje meir til enn litt varmt vatn utanpå formene, og deg gjekk sjølvsagt bra. Og etterkvart som gjestene forsyner seg av desserten og kjem med bifallande kommentarar slepp dessertmakaren skuldrene lenger og lenger ned, og to ting går opp for henne:
1. Ho var mykje meir nervøs enn ho hadde trudd, og
2. Det gjekk bra. Alt ordnar seg for kjekke jenter, særleg dei som kan laga isbomba.


Og slik lagar DU isbomba: 
Konseptet er like enkelt som genialt: Ein bolle eller ei anna form av noko slag blir lagvis fylt med is. Mellom laga legg du alt det deilige hjartet ditt ynskjer seg. 

Det er litt vanskeleg å anslå mengder, for det kjem an på kor mange personar du lager til. Då eg laga til den nemnde 60-årsdagen var det til 25 personar var eg nervøs for at det ikkje skulle bli nok. Eg slappa ikkje heilt av før Henning rekna ut at det vart omlag 1/3 liter per pers. Og likevel vart det ikkje meir att enn omlag ein halv liter! 

Eg brukte vaniljeis som det ytste laget, og fylte inni med tress-is (der eg prøvde å laga reine sjokolade- og jordbærlag), og ein utruleg deilig (men dyr) bringebæris som skulle vera det eksklusive innslaget. Eg hadde tenkt å bruka pistasjis, men det var visst umogleg å oppdriva. Var det sesongen eller er den gått av moten?

Som fyll brukte eg:

- Nonstop
- Marengs
- Oreos
- Pops

Men det meste som er søtt og godt kan brukast. Til dømes.

- nøtter?
- syltetøy?
- karamellsaus?
- bær? Eg ser for meg at blåbær, hakka bringebær eller skiver av jordbær må vera fantastisk, so lenge dei ikkje blir so harde at dei er umoglege å tygga.
- Bruspulver eller anna eksploderande godteri? Eller vil fizz-en forsvinna?



 Framgongsmåte:

1. Ta ut isen og la den bli varmare og handterbar.

2. Hakk eller  knus det du skal ha imellom. Og so må du vaska hendene godt, for dette kan bli klinete!

3. Skjær opp isen i blokker, og legg eit lag med vaniljeis inne i bollen. Dekk over alt, heilt opp til kanten. Hvis isen er for kald og hard på dette tidspunktet er det vanskeleg å laga eit jamnt lag, men hvis den er for varm smelter den og blir heilt rennande. Uansett er det eit kaldt og klissete arbeid, so det er lurt å gjera det fort og effektivt. Dersom du får glipper kan du bruka det mjukaste, mest smelta til å "fylla inn". Pass på at det ytste, kvite laget blir tett, slik at du får ein kvit, fin kuppel!

 4. Strø fyllet du vil ha inni. Trykk det inn i isveggen slik at det blir jamnt over alt. Det kan godt vera eit tjukt lag, for det vil "kapslast" inn av det halvsmelta laget med is som kjem over.

5. Legg eit nytt lag med is inni, foreksempel sjokolade.
Dette neste laget treng ikkje gå heilt opp til kanten av bollen, forklaringa kjem seinare.

6. Fortset å legga lagvis is og fyll til det er fullt.

7. Fyll på toppen med ein eller annan deilig, delikat is. Glatt overflata slik at det blir flatt.

8. Set bollen i frysen for å setja seg. Kor lenge skal den stå? Det kjem an på kor smelta isen vart medan du heldt på og kor stor bomba er. Ein time kan godt vera nok, men eg ville nok ha satsa på minst 3-4 for å vere sikker. Blant anna på grunn av neste punkt:

9. Ved servering kan det vera vanskeleg å få bomba ut av bollen. Det blir kanskje naudsynt å halda bollen/forma under varmt vatn ei lita stund so den slepper.

10. Kvelv på serveringsfat, glatt til overflata so det ser perfekt og smooth ut. Stikk i rakett, skru av lyset og server!

Det går sjølvsagt an å dekorere bomba med ein saus av noko slag, til dømes slik sjokoladesaus som stivnar på is eller med ein varm bærsaus til. Men det er strengt tatt ikkje naudsynt. Noko av det kjekke er at det ser ut som ganske døll vaniljeis heilt til den blir skore i og den fargerike sprudlande innsida kjem fram.

Diverre har eg ikkje noko bilete av den ferdige bomba. Eg var for opptatt av å eta.

PS. Ein gong skal eg fylla ei isbomba med kirsebær i ei eller anna form og kalle det for ei cherry bomb.  Det blir kult. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar