søndag 28. august 2011

Er det mat berre det er nok Jarls?

Festen blei ganske lang, so eg overnatta på sofaen til min gode kameratar Roar, Geir og Gjøran.* Det er veldig kjekt å vere på besøk her, for gutta er gjestfrie og morosame, og har ei triveleg stove med 3 sofaer og eit multimediesenter med ein gigantisk tv i sentrum.

Eg fekk låna slayer-trøye og joggebukse, og sidan fekk eg ein cola.** Joggebukse og cola foran fotballkampar på tv er ganske langt unna min vanlege stil, men det kan høve godt på ein sundag som denne. Generelt sett har nok gutta og eg ein del ulike interesser i livet, og når det kjem til matstell er eg ikkje særleg imponert over spesielt Gjøran. Men, det var han eg kjende fyrst, og soleis er eg mest hans gjest, og det er hans mat eg skulle få ***ta del i til det kombinerte frukost/føremiddagsmat/middags-måltidet i tre-tida. Medan han kokkelerte las eg aftenpostenquiz til oss, og sidan Gjøran er ein sucker for ferdigrettar varte dei to, kokkeleringa og quizen altså, omlag like lenge.

Og so kunne me trekka oss tilbake til sofaene, setje fatet i fanget og nyte ein solid porsjon
I utgangspunktet tenkte eg å koma med ei nøye vurdering av retten, men samtalen som fulgte i stova var so festleg at eg heller gjev den nokså ordrett att her, som eit lite stykke dramatikk du kan velge å framføre sjølv, eller med to kameratar. Hugs då på at stemninga var gemyttleg og kameratsleg sjølv om orda kan fortona seg som noko krasse.




Gjøran: Du får desverre ikke den fulle opplevelsen av Findus Kylling og Pasta a la Gjøran, siden retten ikke har den optimale mengden jarls. Det mangler en markant snert som kommer når man kleiser på med masse jarls.****

Geir, sarkastisk: Snert i retten? Er det snert i den retten der? Det er BLÆND, det smaker så tamt! Du kan likegodt spise sagflis med ostepulver ass!

Gjøran, sjokkert: Hæ? Det er DRITGODT!

Roar: Æ støtte dæ, Geir.

Gjøran: En fra Asker og en fra nordpolen sitter her og forteller meg hva jeg skal spise? HERREGUD.

Geir, framleis sarkastisk i toneleiet: A la Gjøran?

Gjøran: Ja, fordi jeg tar ut squash og tar inn Jarls.

På dette tidspunktet ler eg so eg ikkje får pusta, og merksemda til dei tre går mot meg som sit og skriv ned alt dei seier.

Gjøran: Hva, sitter du og transkriberer? BLOG ATTACK!

Geir: Det er jo ikke mat. Det er det hundene får når de er ute og flyr.

Roar bifaller, men so blei det scoring på fotballkampen, og fokuset skifter ei lita stund.

Gjøran: Dette er som Big Brother og jeg har ikke meldt meg på. Det er et overgrep i eget hjem.

Geir: Så du synes det er noe dritt? Du skjemmes for at det blir offentlig at du spiser det der?

Gjøran: Nei! Jeg kunne vært med i reklame for findus panneretter.Jeg kunne vært på national TV og sagt at jeg støtter dette produktet. Jeg støtter ikke Roar og Geir, men jeg støtter Findus kylling og pasta.

Geir: Påstår du at det er MAT bare fordi det er jarls på den? Skal jeg si deg hva det er? Det er redneck-mat som trashy familier garantert spiser!

Med denne treffande skildringa frå Geir avslutter eg denne posten. Og for ordens skuld: Eg støtter ikkje Findus Kylling & Pasta, men eg støtter Gjøran, Roar og Geir. Bra fyrar, dårleg mat.

*Fiktive og sjølvvalde namn, sidan gutane er opptekne av å bevara privatlivet.
** Gutta har samla smilefjes i korkane i heile sommar og innkasserte 25 gratis flasker førre veke.
***Blant anna er han veldig glad i pizza, og då i tydinga halvsteikt Grandis.
**** Jarls = Jarlsberg i skjever, som saman med cola er det viktigaste, og ofte det einaste Gjøran har i kjøleskapet.

4 kommentarer:

  1. Denne Gjøran virker som en hederlig kar, synes jeg. Men jeg har inntrykk av at din fremstilling av ham kanskje blir noe subjektiv, muligens på grunn av deres åpenbart ulike preferanser i matveien. Jeg synes at når man publiserer tekster om andre, da er det viktig å huske på at det er mennesker man skriver om. De har følelser og kan bli lei seg og såret, akkurat som deg og meg.

    SvarSlett
  2. Jeg tar tilbake alt jeg sa.

    SvarSlett
  3. og jeg har aids. det glemte jeg å fortelle deg.

    SvarSlett
  4. Kan du ikke registrere bloggen din på bloglovin' sånn at det blir lettere for meg å følge med? :-*

    SvarSlett