søndag 21. august 2011

Tørk tårene, kjære lauk!


Tomaten henger i solen
og tenker fornøyd som så:
Stappfull av vitaminer
gleder jeg store og små.

Men løken ligger i kjelleren
og grubler stumt på sin gåte:
Hva kan det være i vegen med meg
som bare får folk til å gråte?

Inger Hagerup



Tørk tårene, kjære lauk, for det er ingenting i vegen med deg! Ingenting i det heile tatt.

Lauk er sunt, billig og ikkje minst veldig godt. I alle fall når den blir blanka og steikt på lav varme i lang, lang tid, til den har blitt karamellisert og mjuk og eit heilt vidunderleg tilbehør til foreksempel steikt fisk. Eller som fransk lauksuppe. Eller laukpai.


STEIKE LAUK
Eg har 1 ss smør og 1 ss olje (ikkje olivenolje) i ei panne, og varmer det opp medan eg skjærer opp lauken i ynskja fasong.
Når lauken ligg der og svetter i panna strør eg over 1 ss kvar av sukker og salt, rører rundt og lar det stå der på medium varme. Hvis ein rører rundt ein gong i mellom slik at lauken ikkje svir seg kan den stå i 20-30 minutt og berre bli deiligare og deiligare.

HAKKE LAUK
No går det visst an å kjøpe ferdig hakka lauk, men eg gremmer meg ved tanken.
Det einaste tipset mot ukontrollert grining som eg bruker, er å skylla kniv, skjærefjøl og lauk i rennande, kaldt vatn før ein byrjer, og undervegs i hakkinga. Då forsvinn litt av den intense lauksafta. Eg har også høyrd ein stad at det hjelper å stå ved sida av rennande vatn, men det har eg ikkje opplevd nokon effekt av. Det fins kanskje tusen andre praktiske tips?

Og so, den praktiske sida. Korleis hakkar ein eigentleg lauken på best og mest mogleg effektiv måte? Sjølv om eg skjemmest litt over det, so lærte eg å hakka lauk effektivt av Rachael Ray. Dersom du også treng litt input, so slepp du å gå til amerikansk dag-tv, for ordentligmat.no har lagt ut tips og video om den same framgongsmåten av hakking av lauk som eg lærte på tv.

I sommar laga eg ein fantastisk laukpai (etter Nigella-oppskrift sjølvsagt, sidan eg har brukt dei siste månadane til å friske opp forhaldet vårt), og ein gong, kanskje snart, skal eg legge ut den og.

2 kommentarer:

  1. Bruk gode svømmebriller, så renn det ikkje ei drope av augene :) Kristinetips!

    SvarSlett
  2. Ja, sjå der! Det er eit godt tips, men då kan ein ikkje vere redd for hårsveisen...

    SvarSlett