onsdag 16. mai 2012

Soyasnerk

Kan eg freista med litt soyasnerk? 


I fleire innlegg har eg skrive eit og anna om vegetarisk mat, og i innlegget om Linda McCartney si kokebok skreiv eg litt om dei snodige produkta ho nemner. TVP, soyaprotein og so vidare. I mi jakt på slike vart eg tipsa om matvaren bean curd. Dette kom me over på Bamboo, den flotte asiatiske butikken på Tiller. 

Internettet, nærare bestemt Serious Eats, kunne fortelja meir om dette rare, blanke produktet som utgjer seg for å vere næringsrik og velsmakande mat. Der kunne eg læra at bean curd, som også vert kalla yuba eller tofu skin, er eit biprodukt som oppstår når soyamjølk vert varma opp. Då danner det seg ein film eller ei hinne på toppen, ei hinne som kan løftast av og tørkast i ark eller "pinnar".  Med andre ord: tørka og størkna snerk.  Og ja - eg veit at eg kanskje ikkje sel det inn som særleg delikat med det ordvalet.  

Me har prøvd oss litt fram og har "red-braised" eller kokt den i lake eit par gongar, etter framgongsmåten i lenka over.  Yubaen treng å bløytleggast litt før den brukast, eg har lese alt frå 6 - 12 timar. Me prøvde begge delar. Det er mogleg det er ein skilnad på kor metta yubaen blir på fuktigheit. Den som hadde lugge lengst i bløyt tok nemleg til seg litt mindre smak enn det fyrste forsøket som hadde fått halvparten av timane.  Greit å vita at begge deler funkar - då er det jo nok å legga yuba i bløyt om morgonen før ein drar på jobb for å få den klar til middag!


Etter bløytlegginga skviste me vatnet ut av greiene og delte opp i mindre bitar som me kokte i ein lake som inneheld soyasaus, flytande røyk, mango-eddik, ingefær, kanelbark, stjerneanis, tørka chili, kardemommekapsel og nett litt sukker. Og so fylt på med vatn til det dekka yubaen. 
Dette får simra på komfyren i halvtime-time, til det har tatt smak og blitt raudbrunt i fargen. Då kan det berre kuttast opp i endå mindre bitar om ynskjeleg, og er klart til å tilsetjast det du har gjort klar. 

På biletet over hadde eg kokt ris, røresteikt broccoli, fersk rosenkål og aspargesbønner. So blanda eg saman ris, yuba og dei grøne greiene, og serverte det heile med finstrimla hovudkål som vart steikt i litt (nei, ganske masse eigentleg) soyasaus. 

Her laga eg risotto med lauk, gulrøtter og bladpersille. Heilt til slutt hadde eg ferske miniasparges som akkurat fekk bli litt varme.
Her er restane frå den over. Dei steikte eg og hadde i nokre nevar med fersk spinat. For å drøya litt knakk eg i eit par egg. Me serverte med fetaost. Nam. 
I det heile tatt - ein velsmakande og allsidig ingrediens. Ein må nemleg ikkje servera den i variasjonar over steikt ris eller risotto, sjølv om det var fantastisk godt. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar