Er du lei av avbilda kremkaker og pavlova med flaggforma bærpynt, kan du jo berre stikka innom godbloggen og lesa om innbakte pølser. Som om ikkje det var nok såg eg jo flaggkake etter flaggkake då eg streifa innom facebook. Også sjefen min, Breddefotballfrue, har registrert den same trenden:
I år var dette kaka alle laga til 17.mai:
Men eg trur faktisk min variant var spesielt god.
Beskjeden som eg er.
Med handa på hjartet - eg trudde eg hadde fått ein fiks ide, blei overraska over at det var ein trend. Men hadde eg visst at halve landet hadde same ideen samtidig hadde likevel ikkje endra so mykje - eg hadde laga pavlova likevel. Eg hadde moglegeins satsa på eit meir deconstrukt uttrykk på dekoren, og slengt bæra meir tilfeldig omkring, men like fullt: Det fins inga kake som passar betre til nasjonaldagssprudelfrukost enn pavlova med friske bær. Og har du ein slik å servera til kan du oppleva ei høgare eining av mat- og drikkelukke. Lovar.
Årets kaka var ein variant over temaet som eg ikkje har prøvd før. Tidlegare har eg brukt ein blanding av vaniljekrem og vanleg krem. Det er godt, men kan bli litt heftig. I år hadde eg latt meg freista av ein prøvesmake-stand på butikken, so eg hadde ein boks med skjørost frå Rørosmeieriet i kjøleskapet. Prøvesmakedama hadde servert meg ei lita skål med skjørost, rømme og tjukkmjølk med syltetøy på, og det var denne friske, syrlege smaken eg hadde med meg då eg handla inn til kaka, noko som inspirerte til:
Pavlova med friske bær og skjørostkrem
Set steikeomnen på 125 grader. Ta edddik på eit papir eller noko og tørk over utstyret for å unngå feittrestar som kan føkka heile marengsen. Varm opp vatn i ei gryta til det småkoker/simrar.
2 dl sukker
3 eggekviter
1-2 dl tørka blåbær
Mix over vassbad til blandinga er tjukk, seig og blank.
Ta bollen av varmen (fest i stativ om du har) og pisk vidare til det har blitt kjølt ned.
Vend inn tørka blåbær.
Klæss heile greia på steikebrett kledd med papir, brei ut til ynskt fasong, storleik og tjukkelse med slikkepott.
Set i omnen. Opne avogtil for sleppe ut evt fuktigheit (er ikkje so mykej) og for å sjekka korleis det går. Når den er stivna og har fått pittelitt farge er den nok ferdig. Ta ut, kjøl ned og la stå tørt til den skal brukast.
Skal kaka transporterast anbefaler eg eit brett med høge kantar, til dømes ei langpanne kledeleg kledd i folie.
(Til mixinga: metallbolle av noko slag er best, og det er praktisk å ha stativ til handmixaren. Kor lang tid det tek kjem an på kor effektiv mixmasteren din er. Mamma sin er 30 år gamal og bruker 10-20 minutt. Min er frå i fjor og er supereffektiv, den får det ferdig på omlag 5 minutt. Obs at bollen ikkje må vera nedi vatnet, for eggekvita må ikkje koke. )
Meir om marengs på juksemat.
Kræm og pønt
Kremfløyte, 1 boks
Skjørost, 1-3 dl
Friske bær, fx jordbær, bringebær og blåbær. Eller rips. Eller kva som helst som du vil ha.
Pisk kremfløyte til so stivt som du vil ha den.
Strø eit lag med skjørost over botnen. Legg på kremen, brei ut med slikkepott.
Legg på bær, velg sjølv om du vil dandera til eit konformt flaggg eller berre klæssa på.
Pynt brettet/fatet/langpanna med overskytande bær og ikkje minst: 4 superfine, retro lysmansjettar.
Frukost med gode vener og god mat er verkeleg noko av det trivelegaste ein kan gjere på nasjonaldagen. Eg innser at når me er ein gjeng på rundt 30 år der nesten alle er i fast jobb er det ein viss sjans for at me før eller sidan må byta den lette sprudlerusen med eit meir stressande nasjonaldagsinnhald - men eg vil kjempa mot og dra på sprudlefrukost so lenge som det går. Og eg vil stort sett ha med pavlova med bær tenker eg.
Merk at kaka ikkje var det einaste flaggdekorerte på bordet. Helle og Frode hadde og slått til med kreativ dandering: Potetsalat, salami og oliven-flagg og spekeskinkerosettar med kiwi. Vakkert!
Har store planer om å låne Pavolova-flaggdekoren din i morgen ;) Mulig det er litt "2012", men likevel - den beste og fineste kaka til 17.mai!
SvarSlett