søndag 15. januar 2012

Luftbåren


Our destination: Stjordal
Time left: 0 h 41 min
We will land 15:42 local time
Altitude: 4 753 m
Ground speed: 693 km/h

Nokre gongar har eg teflonhjerne, alt sklir av som smør i ei varm panna. Den fototekniske kvaliteten på bileta her i bloggen er eit døme på det. Sjølv om eg har forsøkt å setja meg inn i det tekniske fleire gongar, so hugser eg det aldri særleg lenge. Heldigvis er kameraet mitt godt, og har automatiske innstillingar som fungerer godt for meg. For sjølv om Henningen har vist meg det fleire gongar hugsar eg aldri korleis eg stiller inn kvitbalanse. Og eg blander alltid om det skal vere høg eller låg ISO når det er mørkt. 

No har eg hatt ei fantasisk helg i Bergen, med gode venninner, curling (!!), gode samtalar og ikkje minst: Fantastisk mat. Men so gløymde teflonhjernen å ta med ladaren til fotoapparatet heime. 
Difor har eg ingen bilete av asiatisk sushi-bonanza etter taco-prinsipp, Eggs Benedict på Smakverket som gjer meg heilt matt og lukkeleg når eg tenker på det  eller av ein frisk og velbalansert salat hjå Hanne på Høyden.

Nokre gongar føler eg at hjernen min er litt sånn: 




Our destination: Stjordal
Time left: 0 h 17 min
We will land 15:44 local time
Altitude: 8 843 m
Ground speed: 807 km/h

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar