fredag 2. september 2011

Platano Frito


 "Veit dåke at det ikkje er vanlege bananer, dette?" spurde butikkmannen høfleg og gebrokkent, medan han vog dei grøne bananene og slo inn prisen. 
Og det visste me, for det var nemleg KOKEBANANER, og det var det me skulle ha. 

Me var på den storvegse butikken Middelhavet, midt i Trondheim sentrum. Då me gjekk forbi kokebananene fortalde H frå då han budde i Equador. Der var det bodar og vogner som selde fritert kokebanan på alle gatehjørne. Dei selde og ein annan lokal spesialitet: rå mango med salt. Det likte han ikkje so godt. Men Platano Frito er deilig, sprøtt og salt, og han pleide å kjøpa ein stor papirpose med dei. 


No kjem det punktet der eg må presisera at sjølv hadde minimalt med denne prosessen å gjera. Innsatsen min i vegen mellom bananer i butikken og friterte, salte bananer på eit tørkepapir på kjøkenebenken avgrenser seg til desse tre innsatsane: Å nikka og sei "ja, dei kjøper me", dokumentera prosessen og til slutt: smaka og eta opp. Nam. 


(i tilfelle eg har uteknologiske lesarar: trykk på "les mer" for å lesa resten. Unnskyld for eventuell undervurdering av teknisk kompetanse.)




 So det er altså H som gjorde alt dette:
  • Hadde solsikkeolje i ei tjukkbotna steikepanne og varma den opp til frityrtemperatur, altså når det boblar og freser rundt den vesle test-bananbiten. 
  • Skrelte bananene og høvla tynne skjever av dei med ostehøvel (kniven på det øvste biletet ligg der berre for å forvirra, høhø).
  • Hadde bananskjevene i oljen, snudde dei når det var på tide og såg til at dei fekk fin, brun farge på begge sider.
  • Lot dei renne av seg på tørkepapir og dryssa salt over.
Og so åt me dei opp etter kvart som dei vart avkjølte. NAM!

 Etterpå prøvde han det same med søtpotet.
Dei blei ikkje sprø, berre svidd. Ikkje godt.
Tips og triks til slutt:
Neste gong me friterte bananer gjorde med et i jerngryte, og det vart eigentleg betre enn å gjer det i steikepanne. Det viktigaste er at det valde kjørlet stabiliserer temperatur, men det fine med jernpanna er at den har høge kantar so det ikkje spruter.
 Me eksperimenterte og med salting, og la bananchipsen i ei skål, helte salt over, tok chipsen ut - og kunne då bruke saltet om att. Ulempen med denne metoden at saltet kan bli klumpete og ekkelt hvis det dryp olje i det, men ulempen med å drysse dei når dei ligg på papiret er at det går veldig mykje salt til spille. Og det vil me jo ikkje.

No kom eg på at det ekle, oljete saltet sikkert kan brukast heilt fint i suppe eller noko. For me vil vel ikkje kasta noko, vil me vel?

1 kommentar: