torsdag 8. september 2011

Typisk tysdag?

Den eine venninna vår kom heim frå eit lengre utanlandsopphald. Ein annan kamerat flytter til hovudstaden på laurdag. To andre venninner har me ikkje sett på lenge. Og sidan me alle (eller  - helst dei andre eigentleg) er travle menneske, so vart det tysdag det passa best å møtast. 

Aller fyrst vil eg skriva litt om å vere vertinne, slik som vertinnebloggane skriv om det. Du veit, desse bloggane som tar nær- og oversiktsbilete av kor fint dei har pynta heile huset generelt og bordet spesielt? Eg gjorde det slik medan kaka stod i ovnen: heiv ein haug med klede inn i klesskapet, støvsugde litt overfladisk - og pynta haugen med kassar og posar me ikkje har fått flytta inn endå med eit pledd og nokre figurar og kassettar. Kjempefint. Veldig stilig. 

Me fekk innflytningspresang av S&E når dei kom!

Og det var superfine hjortalys: 
Fyrst var det eit vaksent og ryddig kakeselskap. Eg serverte deilig kaka med blåbæra me plukka i helga. Kaka heiter Blueberry Boy Bait, og på Smitten Kitchen kan du også lesa den sjarmerande historia bak det fengande namnet. MEN - for at det ikkje skal vera noko tvil: Denne kaka har meir å skilta med enn eit festleg namn. Den var søt og saftig og fyldig (noko anna ville jo og vore kritisk, med dei mengdene sukker og smør...NAM, sukker og smør!), og hadde ein vidunderleg blåbærsk aroma. 


Blåbærkaka i solnedgong:

Sidan vart det litt meir rampete, med vodka og spel: Ubongo 3D. Eit fantastisk spel, som verkeleg å anbefala. For øvrig kan eg koma med følgande merknad: Han som kjøpte ølet visste ikkje at det var "lite" han kjøpte. Det hadde jo vore eit nokså fånyttes krampetiltak å drikka lavkalori-øl etter den kaka, for ikkje å nemna vodkaen.






Set omnen på 180 grader. 
Smurd form, eg brukte springform med diameter 27,5 cm og det blei bra (bortsett frå at forma var lekk so eg må skrapa svidde kakerørerestar frå steikeomnen), og Deb seier rektangulær form på 22x33 cm. 

Oppskrift:
ca 5 dl mjøl
1 ss bakepulver
1 ts salt

230 g smør
4 dl sukker 
3 store egg

2 dl H-mjølk
ca 1 dl blåbær

Oppå:
ca 1 dl blåbær
1/2 dl sukker
1/2 til 1 ts kanel

(eg hadde vel 1 dl meir blåbær enn det som er angitt, og det tålte kaka godt.)

Bland alt det tørre i ein bolle. Det går sikkert an å sikta mjølet, men det gidd jo aldri eg. Rør smør og sukker  med ein elektrisk handmixar, på høg hastigheit. Når det er blitt kvitt & luftig, ha i ei eit og eitt egg, bland det akkurat inn før neste. Og so - senk hastigheita og bland inn 1/3 av den tørre blandinga. Og no skal resten inn, i denne rekkefølga:
Halvparten av mjølka,
halvparten av den resterande mjølblandinga,
restan av mjølka, 
resten av mjølet. 
Til slutt skal blåbæra blandast inn i røra med slikkepott. Debbie seier at dei skal kastast ("toss") med 1 ss mjøl fyrst, men det gløymde eg og det gjekk bra det og. 

Strø over blåbær, kanel og sukker heilt til slutt, og ha kaka inn i omnen i 40 - 50 minutt. Test med kakepinn! Det gjekk veldig bra å la kaka skli over frå botnen av forma til eit serveringsfat. Det var kult, for det er ikkje kvar dag akkurat. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar