lørdag 10. mars 2012

Trøstesuppe, sjukuladepudding

I den fantastiske husmorsboka eg har fått av tanta til pappa står det eit heilt kapittel om sjukepleie. Der står det om hygiene, om reine sengetøy, om frisk luft og om næringsrik mat servert i heilt eigne fat.

Denne sjuklingen er aleine heime (men det er greit, eg sa at han burde dra til byn og leva livet, det ville vore keisamt å vera her med meg). Sola har gått runden sin, SV har vald leiar, været i Trøndelag har vore schizofrent som vanleg - og eg har vore horisontal på sofaen og foran tv-en.

Verken mat- eller koke-lyst er heilt på topp på slike dagar, so det gjeld finna noko som er både kjapt, enkelt og lettspist. Som til dømes ein enkel og deilig sjokoladepudding, som eg gjer endå deiligare med å ha i nokre dråpar peppermynteolje. Her servert på puslespel.

Eg åt alt sjølv, men det tok omtrent to timar

Men ein kan ikkje leva på sjokoladepudding aleine! Både hjå Nigella og i fleire engelske matbloggar kan ein sjå uttrykket comfort food. Eg har tenkt at uttrykket viser til mat som  er ganske enkel å laga, lite oppvaskgenererande, triveleg og deilig. Comfort food innheld gjerne kjøtdeig eller ost (eller aller helst: begge delar), og er det ein lagar til seg sjølv når ein skal ete aleine. Då treng det ikkje vere verken estetisk eller sunt! Wikipedia derimot, fortel meg at comfort food enten kan vere tradisjonell mat med sentimental eller nostalgisk appeal,  eller mat som er  easy-to-eat, easy-to-digest meal rich in calories, nutrients or both. Okei!

Dagens trøstesuppe

Ein av vinterens favorittar i sjangeren har vore ulike variantar over same tema. Utgongspunktet har stort sett vore det same: omlag ein halv liter kokande vatn med buljong, sriracha og nudlar. I tillegg kan det hende eg tek både knust, tørka sopp, finhakka chili, kvitlauk, tynne strimlar gulrot skore med ostehøvel og ferske urter oppi, alt etter kva eg har i hus eller har lyst på. Når nudlane er møre og alt syder knekker eg eit egg oppi og lar det posjere.

Eit anna døme frå tidlegare i vinter

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar