torsdag 8. mars 2012

Potetekake





Kva er skilnaden på desse to ladningane med potetekaker? 




Mjølskya har so vidt lagt seg, dekker kjøkenbenken som eit tynt teppe. Nokre stader kvitt, men lysebrunt over komfyren. Før eg kunne gjera noko som helst anna i dag tidleg måtte eg støvsuga komfyren og kjøkengolvet. I går var det nemleg tid for å løfta fram gamle tradisjonar og bera dei vidare: Eg skulle laga potetekaker slik besto gjer da.


Hjelparen til høgre, Andrea, reiste heim i går. Hjelparen til venstre, syster Astrid, ligg og søv på gjesterommet. Eg må nok snart opp å vekka henne. 

I dag er kvinnedagen. Eg er jo kvinne, og føyer meg inn i ei lang rekke kvinner på mange måtar, blant anna denne: Blant dei kvinnene eg set aller høgast i livet er bestemødrene mine. I dag skal eg snakka om Besto, eller farmor. Det er nemleg ho som lager potetekaker. Potetekakene til besto er nærmast perfekte sirklar, so tynne at dei er gjennomskinelege, og nesten ein halvmeter i diameter. Det er ingen andre i familien som kan laga like fine potetekaker som besto, so i jula tok eg og mamma ansvar for å bera læra oss kunsten.

Potetekakene mamma og eg laga under kyndig rettleiing frå besto var ganske tynne og ganske runde. Eg har ein flott film frå prosessen, men må venta med å publisera den til eg har høyrd med besto om det er greit. I staden kan dåke få ein film frå i går. Filmen viser eit rått og usminka bilete av den harde sanninga: Det er jammen ikkje lett å laga potetekaker!


Oppskrifta og framgongsmåten skal i utgongspunktet vera grei, men i går var det eit eller anna som ikkje klaffa. Det må ha vore feil type poteter, alt for våte. Kanskje me burde ha jobba hardare for å få tak i kerrs pink eller på andre måtar sikra oss at potetene var mjølne? I alle fall skulle me ha malt potetene ein gong til på kverna, for den var ikkje most nok, det var små bitar av potet omkring i deigen. Og so er det vel x-faktoren som besto presenterer i det vesle videoklippet som speler inn. Noko var deigen, noko var nok oss. Eller so veit eg ikkje forklaringa på da. Men smaken var god då. 


Potetekaker 
1, 5 kg poteter
200 gr kveitemjøl
1/2 ts salt
litevetta sukker eller sirup
nokon brukar og litevetta olje (ikkje so mykje at da set smak)

1. Kok potetene, gjerne dagen før.
2. Rensk potetene. Alt svart, grønt og ruskete skal vekk! (ellers kjeme da att i kakene!)
3. Mal potetene på kvern, gjern to gongar.
Fin stil i det minste!
4. Elt saman med mjøl, salt, sukker eller sirup og eventuelt olje. Elt i maskin til alt kjem saman og deigen er fast og seig.
5. Ta deigen ut og elt for hand på bordet med litt mjøl til han blir mjukare (eller til deigen "blåttnar" som besto seier).
6. Del opp i emner, la dei vera runde og fine og flate.
7. Kjevle emno til store, runde lefser. Ver lett på handa, ikkje trykk med kjevlet! Rull emnet/lefsa opp på ein bakstepinne (sjå biletet til venstre) for å sjekka at ho ikkje heng fast i bordet, dryss med meir mjøl om naudsynt. Sjekk ofte at deigen ikkje heng fast!
8. Steik på takka til kaka er gjennomstekt. Kost vekk overflødig mjøl frå takke og kaker undervegs, anten med bakekost eller med ei tørr, rein fille.
Dei ferdige kakene skal ha fine, små "føflekkar", ikkje store brune flak som løsner! Snu kakene ofte på takka so dei ikkje brenn seg.


Her er eit bilete av takka mi. Det er ei teflonbelagt flat plate til å legga direkte på komfyren. Eg kjøpte den på Jernia for eit par hundre kroner for eit par år sidan, og det er ei investering eg ikkje angrer på. God til å steike lappar og pannekaker og lefser og potetekaker og andre flate ting!


Til slutt - kva er det eigentleg med uttrykket "god på smak"? Uttrykket indikerer på ein måte at noko ikkje er som det skal vere med maten, men at den smakar godt trass alt. Potetekakene Andrea, Astrid og eg produserte i går var alt for tjukke og eigentleg for små, men gode på smak. So då er det vel eit godkjend forsøk? 





1 kommentar:

  1. Å, supert! Oppskrift på potetekaker var akkurat det g leita etter ....kjekt at nokon vil dela ;o) ....då går eg i gang og koker poteter ...jippi!
    Ønskjer deg og dine ei riktig god jul!

    SvarSlett