søndag 21. april 2013

Gnocchiverkstad

I går påstod Henning at eg berre lager ting ein gong; ein påstand som berre delvis er riktig. Rett nok er det ei enorm mengde oppskrifter eller idear eg berre prøver ut ein gong - men i ny og ne dukker det opp eit konsept eg ikkje klarer å la fara. Og då hender det at sjølv juksemari, snarvegskokken, går grundig til verks.

I fjor haust hadde me nokre rundar med forsøk på gnocchi av graskar, inspirert av ei oppskrift på ein blogg eg ikkje finn att lenger. Forsøka vart riktig so ymse - dei blei enten for harde og seige med for mykje mjøl eller mjuke og fuzzy med for like mjøl. Men resultatet vart alltid sopass interessant at eg ikkje heilt gav meg.

I dag var det tid for å gjere eit nytt forsøk, denne gongen med søtpotet. Eg googla og las forskjellige oppskrifter og framgongsmåtar før eg kom fram til ein metode som gav eit resultat me var skikkeleg nøgde med. 

Dette er ekte søndagsmiddag i betydningen "mat som tar veldig lang tid å tilbereda". Frå ferdigbakte og ferdig avkjølte søtpoteter på benken til servert middag tok det i underkant av 2 timar - og det er 2 timar med aktiv matlaging! Det kan også vere ein fordel å vere fleire, for då kan ein laga samlebånd og få sakene unna i ein fei. 


Søtpotetgnocchi
Mengdene her er vanskeleg å vurdera, då søtpotet er av varierande storleik og det ikkje fins noko eksakt mål for kor mykje mjøl som skal til. I dag bakte eg 1 veldig stor og 3-4 mindre søtpoteter - tilsaman utgjorde det rundt 850 gram då dei var ferdig bakt og reinsa. Til det gjekk det i underkant av 200 gram mjøl til saman, deig og "utbaking".

Du treng: 
Søtpotet
Eit egg
Muskat
Pepper
Kveitemjøl

Det går med ein del utstyr og: Ein bakebolle, kjele med vatn på kokepunktet, bolle med isvatn, sprøytepose. 

  • Bak søtpotet i omn til dei er supermøre - gjerne på lav varme over lang tid. Stikk hol i skalet på søtpotetene fyrst, slik at dei ikkej sprekk. 

  • Avkjøl dei ferdige søtpotetene til du lett kan ta på dei med hendene. Ha innhaldet over i ein bolle, og mos med valgfritt redskap til ein so glatt mos som du berre kan få til.  
  • Kok opp ein stor kjele vatn med ein god del salt - ei god spiseskei per liter vatn. 
  • Bland eit egg, muskat og pepper godt inn i mosen. 
  • Ha kveitemjøl og sikt klart ved sida av bollen. Sikt over ein del mjøl (eit par dl til å byrja med) og bland forsiktig inn i mosen med slikkepott. 
  • Når det kjem saman og er blitt litt som deig kan du testa om deigen er bra ved å laga ein liten bolle med eit par skeier. Slepp oppi vatnet. Hvis den løyser seg opp og flyt ut må du tilsetja litt meir mjøl. Gnocchiane synk ned på botnen, men flyt opp på overflata når dei er nesten ferdig.  
  • Når deigen er bra er det tid for det smarte trikset eg fann ut av i dag: å fylla ein sprøytepose med røra/deigen, og sprøyta gnocchiar på eit godt mjøla brett. Storleik ein plass mellom valnøtt og hasselnøtter. Sikt mjølv over alle.
  • Bruk ei teskei til å hente opp dei små bollane, kast dei litt mellom hendene slik at mjølet blir jamnt, men tynt fordelt over heile overflata. Men obs! Deigen er so mjuk, so mjuk, so ikkje vær for hardhendt med dei. 


  • Slepp bollane forsiktig i vatnet som er varmt og pittelitt boblande, men ikkje kokande. Aus dei opp med holsleiv når dei kjem på overflaten og har lugge der og bobla litt 
  • Legg ferdige gnocchiar i ein bolle isvatn ei lita stund, fisk dei opp att med holsleiva og legg på eit brett til dei er ferdige. 

Me serverte desse mjuke smakfulle små lekkerbiskane med salviesmør, nykverna pepper og strimlar av bogskinke. Dei er veldig søte, desse gnocchiane, so det gjorde seg med glas syrleg lambic til .


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar