onsdag 20. juli 2011

Sommar og sitrus - del ein: SITRON

Eg vil starta ein religion.
Eg vil starta ein naturreligion, med SITRONEN som det gyldne, lysande midtpunkt, og "LEMON-SYRUP LOAF CAKE" frå Domestic Godess av Nigella Lawson som nattverden:

Dette er mitt søte, syrlege, faste, saftige legeme. Det held seg godt og blir berre betre etter eit par dagar (om den varar so lenge då), og hvis du har fulgt boda riktig har det ei ekstra saftig kjerne som får tærne til å krølla seg, knea til å svikte og ei tirrande kitlekjensle til å spre seg i heile kroppen.





Oppskrifta:
(alt som står i parantes er spesifikasjonar frå kokeboka som Nigella nemner men som eg ikkje fulgte fordi eg rett og slett brukte det eg hadde)

Smurd brødform, omnen på 180 grader.

125 g smør (usalta)
175 g sukker (caster)
2 egg (store)
ZEST av 1 sitron
175 g mjøl (self-raising)
2 ts bakepulver (ikkje hvis du har self-raising!)
klype salt
4 ss mjølk

1. Cream together smør og sukker sa Nigella. Og det gjorde, han, superhjelparen:

2. Tilset egg og sitronskal og beat in well.
3. Eg blanda mjøl, salt og bakepulver, og falda inn i røra, litt forsiktig. Bakepulvermengda eg hadde i var tilfeldig. Eg har sjekka korleis forhald bakepulver/mjøl som tilsvarer britisk self raising flour kanskje tusen gongar, men eg gløymer det kvar gong. To strøkne ts fungerte storvegs.
4. Ha i mjølka til slutt, bland inn.
5. Fyll røra i ei smurd brødform, og set inn i omnen. Oppskrifta i boka sa cirka 45 minutt, men kaka mi var ferdig etter kanskje berre 35. Sjekk med stikkepinn!

6. Medan kaka står i omnen er det tid for å lage sirup av:
saft av 1,5 sitron
100 gram melis
som blir varma opp over svak varme til alt sukkeret er oppløyst, og sidan kjølt litt ned.

7. Når kaka var klar såg den sånn ut:

Nigella sa at kako kom til å synka saman etter ei stund, men det gjorde den ikke. Åh, den var nydeleg! Og so stakk eg mange små hol med ein tilgjengeleg pinne. Diverre var det ein spisepinne og ikkje ein strikkepinne eller kaketestar, so hola mine vart litt store.
(Yeah, yeah whatever. )

8. Til slutt kjem det deiligaste - hell sirupen over kaka og la den trekke inn! Eg fokuserte ekstra på midten, og det var nok lurt, for då fekk kaka den deilige, saftige kjernen som kan skimtast på det fyrste biletet, det med eit velfortent religiøst lys rundt kaka.
Dersom all sirupen havner ute langs kanten blir kaka fuktig og moshi ytterst og tørrare i midten, og det vil i alle fall ikkje eg ha.
9. OBS - kaka brekk lett i kantane hvis ein ikkje venter til den er heilt avkjølt før den går ut av forma.


Kaka var fantastisk til is og kaffi på plenen på søndag, som niste i bilen på veg mellom Trondheim og Hardanger på måndag og som ein liten dessert i dag, onsdag. Og den hadde sikkert halde seg i eit par dagar til, minst.

Eg elskar denne kaka, og det er ekte kjærleik. Eg skal laga den igjen! Og igjen og igjen og igjen.


Til slutt kjem ein liten teaser for eit seinare innlegg i "Sommar og Sitrus - ein serie i minst 2 delar":

2 kommentarer:

  1. Eg får besøk av foreldra mine til helga og gler meg til å prøve denne kaka. Berre for å være heilt sikker: skal sirupen hellast over kaka mens ho står i forma, altså når ho er varm?

    SvarSlett
  2. Du har heilt rett, sirupen skal hellast over varm kaka. Lukke til, vonar det slår an!

    SvarSlett