torsdag 17. mars 2011

Siger til sago?

Her om dagen var eg innom Bunnpris Tyholt, ein gourmet-variant av den kjedelege kjeda. Gourmet og gourmet, fru blom! Det kan jo ikkje samanlikna seg med til dømes Jacobs på Holtet som eg berre har besøkt ein gong men som eg drøymer om koma tilbake til ein dag, men det er ikkje så verst.

Og der, på hylla under heile byggryn (som eg skulle ha), stod dei: Små pakkar med SAGOGRYN. Og ein fekk bli med meg heim, for eg har nemleg lest i media at sagogryn er på full fart inn i gløymeboka og dimed ut av butikkhyllene.

Eg har nokre vage barndomsminer om sagosuppa, eg trur det var som dessert etter lettsalta torsk ein sjeldan gong i blant. Stort sett var det mjelkesup som fekk vera dessertfølget etter fisken, men eg kan hugsa at det har vore sagosup og.

So eg googla, forkasta oppskrifta og kokte opp gryn, vatn og hushaldningssaft. Etter ein halvtime med småkoking var gryna klare, so eg helte opp i ei skål og gjekk tilbake til Star Wars Episode 6: Return of the Jedi.
Medan Ewokar og motstandsstyrkar slåss i skogen på Endor sat eg i sofakroken og tenkte: Sagosup, din retro raring. Tenk å eta noko som består av stivelse og saft!

Eg skal ikkje svikta deg, Sago. Men neste gong blir det pudding.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar