søndag 4. mars 2012

Ta rosmarin til eit minne




For eit tid sidan skreiv eg om den vidunderlege torskeoppskrifta eg kom over i perfekt passande tid: akkurat då eg hadde nokre, faktisk ganske mange, rosmarinkvistar i kjøkenvindauget. Det var ein solid bukett eg fekk for ein billig penge. Kvistane har heldt seg utruleg godt i ein vase med vatn, og eg har framleis mange att. Sjølv om eg har brukt dei på alt dette:
  • inni og utanpå ein heilsteikt kylling (av det økologiske, etiske slaget må vita!)
  • til restemiddag av kylling, ein form for pyttipanne
  • til rosmarinsukker - 2 kvistar i eit glas med sukker, eit tips frå Nigella
Rosmarin er ikkje øyremerka lammesteik, og urten smakar forunderleg deilig i søtt bakverk. Også den eminente frua over urtehagen på Knatten, Annemarta Borgen, framhever dette ved urta: "Så om man liker smaken kan man bruke den i hva som helst, også i bakverk og desserter." 


So det blir det denne posten skal handla om: kaka med rosmarin.
Eg har laga denne kaka to gongar, og begge gongar blei den møtt med godord. Eg synes det er artig å servera kaka utan å fortelja kva som set smaken - dei fleste synes det er noko kjend med smaken men so langt er det ingen som har klart å plassera den i urtehagen. Morro for unga. Evt Mari.

Rosmarinkaka a la Nigella
  • 250 gram mjukt smør
  • 200 gram sukker
  • 3 egg
  • 300 gram mjøl
  • 2 ts bakepulver
  • 1 ts vaniljeekstrakt eller sukerr
  • Omlag 4 ss finhakka frisk rosmarin
  • 4 ss mjølk
  1. Set omnen på 180 grader
  2. Rør smør og sukker kvitt
  3. Ha i eitt og eitt egg, vend inn litt mjøl etter kvart egg. 
  4. Vend inn resten av mjølet
  5. Rør inn vanilje og rosmarin.
  6. Rør inn mjølka
  7. Hell røra i ei smurd brødform og legg ein rosmarinkvist på toppen. 
  8. Kaka treng 45-60 minutt, kjem an på omnen. Min er kjapp. Test med stikkepinne! 


For den som er interessert i å lesa meir om denne finfine urten kan dåke sjekka her, eller gå til bokhylla/biblioteket/antikvariat og sjekk ut Annemarta Borgen si "Urtehagen på Knatten". Eg har sagt det før. Eg kjem til å sei det igjen, for det er ei fantastisk bok. 

Ta rosmarin til eit minne!
Og du får ein anger-urt!
Eg ville ha gjeve deg blå fiol
men han visna då far kom burt. 




1 kommentar:

  1. Ja, då har eg gjort det. Eg er spent på å sjå om det skjer noko :)

    SvarSlett